SYNFARING: Den siste halvanna veka har Monica Lysne og Alf Magne Hjellum frå Lærdal kommune vore på synfaring på dei to aktuelle kaiområda i Erdal og Bermålsviki. – Me har eit stort behov for å vite meir, seier Lysne. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SYNFARING: Den siste halvanna veka har Monica Lysne og Alf Magne Hjellum frå Lærdal kommune vore på synfaring på dei to aktuelle kaiområda i Erdal og Bermålsviki. – Me har eit stort behov for å vite meir, seier Lysne. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Kaiplanar: – Treng mykje informasjon før me i det heile kan gjere vurdering

Det er mykje informasjon som skal gravast fram før politikarane i Lærdal får sjansen til å bestemme seg for om Erdal eller Bermålsviki er best eigna til ein kai.

Lærdal: Saka om kaiplanane i Lærdal har vekt mange kjensler, spesielt hjå dei som kan bli næraste nabo. Kommunen og dei folkevalde har møtt kritikk for både manglande informasjon og at ting skjer for fort. 

I mars vart det likevel bestemt at to av områda, Erdal og Bermålsviki, skulle greiast ut nærare. I løpet av den siste halvanna veka har sakshandsamarar frå kommunen hatt synfaring på dei to stadene. Målet er å grave fram så mykje informasjon som mogleg.

– Me går rundt i området for å gjera oss kjende. Bermålsviki er eit område som ikkje er omfatta av nokon reguleringsplan i kommunen. Då har me eit kjempebehov for å vite meir om området, seier sakshandsamar Monica Lysne.

Artikkelen held fram under biletet.

KAIPLANAR: Det er i dette område i Bermålsviki at politikarane skal ta stilling til om dei vil seie ja til ein kai. Også Erdal vert vurdert. 
KAIPLANAR: Det er i dette område i Bermålsviki at politikarane skal ta stilling til om dei vil seie ja til ein kai. Også Erdal vert vurdert. 

– Det dreier seg om å skaffe eit størst mogleg faktagrunnlag for å gjere eit vedtak. Samstundes vil me også høyra kva planar interessentane og grunneigarane har for områda. Det kan vere dei har planar som ikkje er komne fram. No er sjansen for å koma med dei, legg kommunalsjef for tekniske tenester, Alf Magne Hjellum, til.

Naboar bidreg med lokalkunnskap

Utstyrt med eit kamera og ei notatblokk går Lysne grundig over detaljar i landskapet. På synfaringa i Bermålsviki har hyttenaboar og grunneigarar blitt med. Dei fortel villig om lokalhistorie og deler av sin kunnskap om området til dei to tilsette i kommunen.

– Desse sit på masse lokalkunnskap som me ikkje finn i våre data, på internett eller i bøker. Dei kan til dømes vise oss oterhi og seie noko om forholda på eigedommane som kanskje stemmer med vår matrikkel. Me lærer mykje, seier ho. 

Artikkelen held fram under biletet.

LOKALKUNNSKAP: I tillegg til eigen innhenting av informasjon, bidreg naboar og grunneigarar med mykje lokalkunnskap som berre dei sit på. 
LOKALKUNNSKAP: I tillegg til eigen innhenting av informasjon, bidreg naboar og grunneigarar med mykje lokalkunnskap som berre dei sit på. 

Dette er andre gongen kommunen har synfaring i området. Første gongen var det fleire alternative område som låg på bordet. Difor var analysen den gongen langt grovare. 

– No har me eit stort behov for å vite mykje meir. Me held oss difor nøytrale så lenge me kan og grev fram så mykje informasjon om dei to områda me kan. Me kan ikkje ta noko standpunkt eller gjera nokre vurderingar før me veit meir. Ein veit aldri kva som dukkar opp. Det kan vera grunnforhold, botnforhold eller rasfare.

Mykje kjensler involvert

Allereie torsdag denne veka vil det bli fremja ei sak til kommunestyret, men det er berre ei oppfølgjing av førre vedtak – at ein no formelt startar planreguleringa. 

– Dette er formelle ting. Ein må vedta ein oppstart av ei planregulering. I tillegg kjem det som skal konsekvensutgreiast. Det gjeld då tema som politikarane meiner bør gjerast meir ut av. Dette skal ut på høyring, så her har også interessentar moglegheit til å seie si meining. Lova har uansett prosessreglar, så effektivitet skal ikkje gå på bekostning av kor grundig me er her, forklarar Lysne.

– Når vil ei sak der ein tek endeleg avgjerd kome?

– Det er vanskeleg å seie. Me har fått beskjed om å ta oss betre tid og at me har betre tid enn tidlegare signalisert. Det er det einaste me veit, men det er positivt at me då har god tid til å gjere dette grundig, svarar ho og legg til at det kan vere utfordrande å jobbe med ei sak som får så mykje merksemd.

– Det er mykje kjensler, og det forstår eg veldig godt. Både Erdal og Bermålsviki er to perler og fine plassar med mykje historie. Det gjer det endå viktigare at me får fram eit godt faktagrunnlag. Før me i det heile kan gjera vurderingar, må me vita utruleg mykje meir om begge plassane.

Til toppen