NYTT ORKESTER: Jan Ove Ottesen har spelt på Målrock med Kaizers Orchestra. Til neste år kjem han med nytt band og soloprosjektet JANOVE. Foto: Pressefoto.
NYTT ORKESTER: Jan Ove Ottesen har spelt på Målrock med Kaizers Orchestra. Til neste år kjem han med nytt band og soloprosjektet JANOVE. Foto: Pressefoto.

Kaizers-Janove er klar for Målrock

I dag offentleggjorde Målrock dei to første artistane som skal toppe plakaten til neste års festival.

Årdal: JANOVE og Hjerteslag blir å finne på scena i meieriparken neste august. 

– Det er veldig kjekt å kunne presentere dei to første artistane til Målrock 2017 allereie før jul, seier den nye festivalsjefen Thomas Norheim Moen i ei pressemelding. 

Les også: Desse to hjarteknusarane gav publikumsrekord på Målrock

Janove Ottesen er best kjent som frontfigur frå Kaizers Orchestra, men til Målrock kjem han med sitt nye band. Det siste året har han jobba med eit soloprosjekt under artistnamnet JANOVE. Plata kjem først i februar, men dei fem første singlane har allereie fått mykje speletid på radio.

Bergensrockarane Hjerteslag gav i haust ut albumet Vannmann86. Det vart av Dagbladet kåra til Norges nest beste plateutgjeving, medan singelen Sangen til Sonja vart kåra til årets låt av Musikknyheter.no.

– Med Janove og Hjerteslag har me to artistar med breidt nedslagsfelt og det er meir i vente. Det er berre å glede seg til 2017-utgåva av målrock i Årdal, seier festivalsjefen.

Til toppen