TALENT: Kaja Bjelde Hjelmhaug er med på Equinor talentleir i Porsgrunn.
TALENT: Kaja Bjelde Hjelmhaug er med på Equinor talentleir i Porsgrunn. (Foto: Leif Leira)

Kaja (13) frå Sogndal får måla krefter mot fotballtalent frå heile landet: – Det betyr veldig mykje

Sogndalsjenta deltek denne veka på Equinor talentleir i Porsgrunn, saman med dei beste jentespelarane i alderen 14 til 16 år.

Porsgrunn/Sogndal: Etter månadar med eigentrening får Sogndal-talentet, Kaja Bjelde Hjelmhaug, testa kreftene mot landets beste. Det kjem fram i ein pressemelding. 

– Ein skikkeleg motivasjonsinnsprøyting, seier Hjelmhaug. 

Norge sine fremste juniorar er samla med landslagskulen på talentleiren, og Hjelmhaug og dei andre handplukka jentene  får tett oppfølging av NFF.

 Det betyr veldig mykje å få bli med på Equinor talentleir, og det er kjekt å sjå at det eg har jobba med og trent på i heile år har fungert.

Viktig og etterlengta samling

Equinor talentleir er eit viktig samlingspunkt for å spre motivasjon og speleglede blant talenta, men òg for å driva systematisk talentutvikling. Slik at jentene kan ta steget opp til Norges A-landslag i framtida. 

  Equinor talentleir får spelarane utfalde seg blant dei beste i landet, og eg er imponert over nivået Kaja viser. Her er det lagt ned ein vanvittig mengde innsats, og det er slike forbilder me ynskjer å heia fram til elitenivå, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef i Equinor Morgendagens Helter. 

Høgaktuelle landslagsspelarar  

Vidare kjem det fram i pressemeldinga at på leiren deltek J15 og J16-landslaget, eit skyggelandslag og to troppar med spelarar frå J14. Til saman er rundt hundre lovande talent samla i Porsgrunn.

Fakta om Equinor talentleir

  • Talentleir for Norges mest lovande fotballspelarar mellom 14 og 16 år. 
  • Arrangerast i perioden 3-7. august på Urædds treningsfelt i Porsgrunn.
  • Eit samarbeid mellom Norges Fotballforbund og Equinor sitt talentprogram, Morgendagens Helter, kor selskapet støttar talentutvikling innanfor idrett, kultur og realfag.
  • Øvste nivå i Norges fotballforbunds landslagsskule, som har som mål å driva systematisk talentutvikling for å danna Norges framtidige landslag.

Resultat dei seinare åra viser at norske u-landslag i alle årsklassar klatrar på dei internasjonale rankingane. Håkon Grøttland, leiar for spelar- og trenarutvikling i NFF, meiner mykje av grunner til dette er langsiktig og målretta talentutvikling.

– Dei gode resultata dei siste åra inspirerer oss til å fortsetja talentarbeider, og me er veldif glade for at me òg i år får gjennomført Equinor talentleir. Etter ei tøff tid med mykje eigentrenng og lite lagspel for jentene, får dei enedeleg den tette og gode oppfølginga dei fortener. Desse jentene har ei lovande framtid som fotballspelarar, og me forventar at fleire av dei vil prestera på høgt nivå på sikt, seier Grøttland.

Vanlegvis blir talentleiren arrangert i juni, og at det er nøye tilrettelagt for å oppretthalda smittevernreglane.

Til toppen