Øvre Årdal: På skulen har jentene valfaget «innsats for andre» og dei valde å ha kakesal for å hjelpa dyra i nød.
Hjelpar dyr
– Dyrevernlaget i Indre Sogn hjelpar dyr og tar inn heimlause dyr som kattar og hundar, forklarer Tomine Jevnaker.
– Dei prøver å finne nye heimar til dei og har fosterheimar der dei kan bu resten av livet.
Tomine har sjølv lyst til å bli dyrelege og då dei hadde idémyldring i første timen sa ho straks at ho ville gjera ein jobb for dyr. I tillegg fekk ho med seg tre andre som er minst like glade i dyr.
Fornøgd med støtten
Allereie fredag byrja jobben.
– Me planla kva me skulle gjera på skulen, så reiste me heim og baka kakene medan me ringte til kvarandre undervegs for å finna ut korleis det gjekk. I dag tidleg møtte me her, rigga opp og venta til folk byrja å komma, forklarer Tomine.
Jentene var veldig fornøgde med støtta dei fekk av folk.
– Nokre personar gav til og med litt meir enn det alt kosta. Pengane som blei tent inn kan dyrevernlaget bruka på å kjøpa inn utstyr, leiker og mat til dyra, slik at dyra som kjem har det litt betre medan dei er der.