DÅRLEG BESØKSTAL: 1600 og 5000 gjester hadde høvesvis friluftsbassenget på Årdalstangen og i Øvre Årdal denne sommaren. Veldig dårleg, seier idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland.
DÅRLEG BESØKSTAL: 1600 og 5000 gjester hadde høvesvis friluftsbassenget på Årdalstangen og i Øvre Årdal denne sommaren. Veldig dårleg, seier idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Kald og våt sommar gjekk ut over besøkstala i friluftsbassenga: – Det er veldig dårleg

Friluftsbassenga i Årdal var knapt besøkt i sommar. Ein særdeles dårleg sommar på vêrfronten får skulda.

Årdal: I dei to bassenga, som heldt ope primært i sommarferien, var det berre høvesvis 1600 og 5000 som besøkte bassenga på Årdalstangen og i Øvre Årdal.

– Det er dårleg. Det er veldig dårleg. Det er mykje pengar som går med til å halde bassenga opne, og det ser ikkje ut til at folk har nytta dei så ofte som me skulle ønskt, seier idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland.

DÅRLEG VÊR: Idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland, meiner ein kald og våt sommar har mykje av skulda for dei dårlege besøkstala.
DÅRLEG VÊR: Idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland, meiner ein kald og våt sommar har mykje av skulda for dei dårlege besøkstala. Foto: Ingrid Nordbye Antonsen

Sommaren 2017 går ikkje inn i minnet som ein av dei beste, snarare tvert imot. Ein ting er at sola ha glimra med sitt fråvær store delar av sommaren, men temperaturane har heller ikkje vore såpass at det freistar med eit nedkjølande bad.

– Når bassenget er tilgjengeleg heile tida, så blir det til at ein brukar det når vêret er kjempeflott. Turistane derimot, er der nesten uansett fordi det er billig og lett tilgjengeleg, medan bygdefolket helst vil ha godt vêr. 

Vesentleg for symjeopplæringa

Hovland er heller ikkje framand for tanken om at nye fasilitetar i bassenga kunne ha trekt fleire gjester. 

– Det blir spekulasjonar, men det er klart at ei betre sklia i Øvre og ei sklia på Årdalstangen hadde gjort seg. Skliene i Øvre er byrja å bli slitne og har ikkje den tiltrekkingskrafta som i byrjinga. 

Friluftsbassenga betalar seg ikkje, seier han, men understrekar at det finst positive aspekt ved å ha eit godt badetilbod både om sommaren og om vinteren.

– Her sym dei fleste ungane frå dei er 10 år gamle. Det har noko med tryggleik å gjera, at ein har tilgang på basseng og at barn blir vande i vatn. Det er ein pris som er vanskeleg å rekna på, men verdien er stor viss det kan forhindra drukning. 

Stupetårnet er fiksa

Det byrjar allereie å bli nokre veker sidan friluftsbassenget stengte dørene for sommaren. No har bassenget i Årdalshallen opna, og der er det både ei god og ei dårleg nyheit.

– Stupetårnet er fiksa! Det såre med den nyheita er at me må stenga bassenget før jul fordi me skal skifta ventilasjonsanlegget. Det synge på siste verset, og det er litt slik at me går kvar dag og håpar på at det ikkje skal stoppa, seier Hovland. 

Kor lenge innebassenget blir stengt, veit han ikkje sikkert, men reknar med det fort kan gå ein månad. 

Til toppen