MEST UTBREIDD: Kjøttmeisa er den mest utbreidde av vinterfuglane våre og finst over heile landet. Foto: Hallvard Østrem / NPK.
MEST UTBREIDD: Kjøttmeisa er den mest utbreidde av vinterfuglane våre og finst over heile landet. Foto: Hallvard Østrem / NPK.

Kald vår gav færre hagefuglar

Ikkje på ni år har det vore registrert så få hagefuglar på kvar fôringsplass som i år. Det viser førebelse tal frå den årlege hagefuglteljinga.

Årdal/Lærdal: Den kalde våren og forsommaren i fjor får mykje av skulda.

– Det førte til at fuglane i stor grad mislykkast med å fostra opp ungar, skriv Norsk Ornitologisk Forenin g på nettsida si.

Ekstremvêret Tor som ramma landet då fugleteljinga tok til laurdag 30. og søndag 31. januar blir også nemnt som ei medverkande årsak. Uvêret førte truleg til at mange fuglar søkte livd og ikkje besøkte fuglebrett og andre fôringsplassar desse dagane, meiner foreininga.

Så langt i år er det registrert vel 225.000 hagefuglar. Til samanlikning kom det i fjor inn 334.000 observasjonar. Men det er framleis mogleg å registrera fuglar fram til og med søndag 7. februar.

Kjøttmeisa er den mest talrike og utbreidde hagefuglen, men talet på meiser går gradvis nedover. Det same gjeld granmeis, lauvmeis og svartmeis. Fleire finkefuglar ser derimot ut til å vera på veg oppover etter nokre svake år, heiter det.

Klimaendringane gjer elles at fleire artar enn tidlegare no overvintrar i Noreg i staden for å trekkja ut av landet.

– Dette er mest tydeleg på Vestlandet der til dømes svarttrost for første gong i Hagefuglteljinga er til stades på fleire fôringsplassar enn kjøttmeis i Rogaland fylke, skriv Norsk Ornitologisk Forening. (©NPK)

Til toppen