MIDDELS MORELLEHAUST: Prognosane tilseier ein nedgang på 40 tonn i morelleproduksjonen, opplyser dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal.
MIDDELS MORELLEHAUST: Prognosane tilseier ein nedgang på 40 tonn i morelleproduksjonen, opplyser dagleg leiar i Lærdal Grønt, Harald Blaaflat Mundal. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Kald vår og våt sommar gir nedgang i morelleproduksjonen

– Sjølv om me hadde forventa ein nedgang, så hadde me håpt den ikkje var så stor.

Lærdal: – Det blir nok ikkje så mykje som me som me hadde trudd, mest på grunn av at det var kaldt på våren, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt.

I fjor produserte dei over 230 tonn moreller. Prognosane i år er på 190 tonn.

– Sjølv om me hadde forventa ein nedgang, så hadde me håpt den ikkje var så stor.

Bringebæra har gitt greie avlingar, men sein blomstring byr likevel på visse utfordringar. Jordbæra er dei som har hatt mest trøbbel med vêret, men til gjengjeld er det ikkje dei det blir produsert mest av i Lærdal. Gulrot- og potethausten ser bra ut.

Blaaflat Mundal er sjølvsagt skuffa over den vesle morellenedturen, men seier dei toler han godt.

– Slik er det i denne bransjen, det går opp og ned. I fjor var det veldig bra, i år litt middels, så satsar me på å vera tilbake att neste år att.

At lærdalsmorellene er ettertrakta vare er uansett sikkert og arbeidet med å auke produksjonen held fram som før.

– Me er ikkje i nærleiken av å dekke etterspurnaden. Alt me produserer går rett ut att med ein gong, seier Blaaflat Mundal.

Til toppen