FAMILIELIKSKAP: Fronten minner om den du finn på andre bilar frå dette merket. Foto: Jan Harry Svendsen
FAMILIELIKSKAP: Fronten minner om den du finn på andre bilar frå dette merket. Foto: Jan Harry Svendsen

Kalkulert fornuft

Volkswagen finn ikkje opp hjulet på nytt med den nye Volkswagen Touran. Framleis er dette ein praktisk og lettkøyrd familiebil – men han sjarmerer deg ikkje i senk.

  • Endret

Sveitten kan byrje å piple av mindre. På tilhengjarfestet har eg ei diger campingvogn – og eg skal ryggje henne på plass i ei lita luke. Ryggjekameraet reknar ut vinkelen på vogna, og ved hjelp av styrepinnen som eg vanlegvis justerer speglane med, manøvrerer eg campingvogna på plass utan saksing, utan sveittetokter, utan å røre rattet og utan å skade vogna mi eller andres lausøyre.

Funksjonen heiter «Trailer Assist» og er berre eitt av mange førarassistentsystem som blir tilgjengelege når Volkswagen no lanserer ein heilt ny Touran. I tillegg får bilen multikollisjonsbrems, autobrems og pre-krasj – som strammar belta og lukkar både vindauge og soltak om systemet reknar situasjonen som kritisk.

Artikkelen held fram under biletet.

ASSISTENT: Ved hjelp av styrepinnen som styrer speglane, kan du i Touranen òg styre tilhengjaren presist på plass.
ASSISTENT: Ved hjelp av styrepinnen som styrer speglane, kan du i Touranen òg styre tilhengjaren presist på plass.


Perfeksjonisme


– Målet vårt var å lage ein bil som er teknologisk i føringa samtidig som han er familievennleg og praktisk, fortel Boris Engelstädter frå Volkswagen. Det har dei klart, men dei gløymde å ta med litt sjarm og litt sjel. For den nye Touranen er ikkje ein bil som vekkjer kjensler. Til det er han for kald og effektiv. Her er det perfeksjon til fingerspissane, ingeniørkunst som står til laud og har plass til alt det ein familie måtte drive med av aktivitetar og spel.

Artikkelen held fram under biletet.

BOKS: Ingen kan hevde at karosseriformene på Touran er spennande, men designen gir god plass. 
BOKS: Ingen kan hevde at karosseriformene på Touran er spennande, men designen gir god plass. 


Men sprell er det lite av.


Det einaste måtte vere moglegheita til å kunne styre navigasjonssystemet og infotainment-systemet via eit nettbrett frå baksetet. Det er nemleg mogleg. Med eit sveip kan altså ungane i baksetet byte ut Elvis Presley med Justin Bieber – eller avslutte navigasjonen.


Større


Det manglar ikkje på tekniske finessar på toppmodellane av Touran. Mobiltelefonmenyen kan speglast på skjermen i midtkonsollen, og du bilen har si eiga WLAN-sone som du kan surfe i. Det er med andre ord slutt på dei tider der plass var det aller viktigaste elementet i ein familiebil. Sjølv om Touran har plenty av nettopp det òg.

Artikkelen held fram under biletet.

Volkswagen Touran er først og fremst romsleg. Til Noreg kjem han berre med sju sete.

ROMMELEG: Volkswagen Touran er først og fremst romsleg. Til Noreg kjem han berre med sju sete. Foto: Jan Harry Svendsen


Med ei utvendig lengd på 4.527 millimeter er bilen 130 millimeter lengre enn forgjengaren. I tillegg er akselavstanden 113 millimeter større. Det materialiserer seg i meir innvendig plass, og når bilen kjem til Noreg, blir det berre med sju sete.
Lar du den bakre seterada liggje, får du eit enormt bagasjerom. Med seta i den bakarste posisjonen oppgir Volkswagen lengda i bagasjerommet til å vere på 1.139 millimeter, mens breidda er oppgitt til 1.269 millimeter. Totalt gir det 743 liter ...
Ikkje firehjulsdrift


Det er tolv år sidan den første generasjonen Touran kom på marknaden. Sidan den gongen har bilen vore gjennom fleire oppgraderingar, men grunnkonstruksjonen frå 2003 har alltid lege i botn. Derfor har bilen i dei siste par åra verka unødvendig gammal. Den nye utgåva byggjer på MQB-plattforma til Volkswagen. Det er ei modulær plattform som konsernet bruker på fleire modellar. Blant anna er Volkswagen Passat bygd på denne plattforma, og den kan leverast både som ladbar hybid og med firehjulsdrift.


Men for Touran kan det sjå ut til at det verken blir firehjulsdrift eller ladbare hybridløysingar å få.


– Vi har ikkje fått noka stadfesting frå fabrikken på at Touran kjem som ladbar hybrid, eller at han dukkar opp med firehjulsdrift, seier Stian Schøyen hos Harald A. Møller i Noreg.


For Volkswagen kan det vere ei ugunstig avgjerd, særleg ettersom BMWs fleksibil 2-serie Active og Grand Tourer kan leverast med drift på alle fire – og fordi det ofte er aktive familiar som vel mange av desse bilane. Seinare er det dessutan venta at nettopp BMWs 2-serie òg kjem som ladbar hybrid.


Fem motoralternativ


Dermed blir det framhjulsdrift og tradisjonelle motorar og drivlinjer i Touran. Den saumlause og kvikke DSG-kassa er på plass, men ei manuell sekstrinns girkasse finst òg. To bensinmotorar på enten 1,2 eller 1,6 liter og 110 eller 150 hk er tilgjengelege, mens dei tre dieselmotorane har enten 1,6 eller 2 liters slagvolum. Ytinga er høvesvis 110, 150 eller 190 hk.


Ute på vegen er Touran framfor alt lettkøyrd. Med DSG klarer han brasane fint, berre det litt trege start- og stoppsystemet irriterer litt i lyskryssa.


Innvendig er bilen kraftig oppdatert samanlikna med forgjengaren. Materiala verkar meir høgverdige og finishen er betre. Skjermplasseringa er god, og førarmiljøet fungerer fint. Køyrestillinga i Touranen er òg god.

Artikkelen held fram under biletet.

OPPKOPLA: Eige WLAN og høve til å spegle mobilskjermen på skjermen i midtkonsollen. High-tech-en har nådd familiebilane. Eit oversiktleg førarmiljø.
OPPKOPLA: Eige WLAN og høve til å spegle mobilskjermen på skjermen i midtkonsollen. High-tech-en har nådd familiebilane. Eit oversiktleg førarmiljø.


Samtidig er Volkswagen stolte over at bilen har vorte lettare. Trass den auka lengda har vekta vorte redusert med opptil 62 kilo. Det gjer at Volkswagen òg kan skryte på seg at bilen med ein 110 hestekrefters dieselmotor kan ha eit forbruk på 0,41 liter per mil.


Konkurranse frå Ford og BMW


Først i oktober kjem bilen til Noreg. Han kjem i fleire utstyrsnivå, men sjølv den aller rimelegaste modellen får bremseassistent som standard. Ei R-linje med ein meir sportsleg utsjånad kjem òg.


Åleine på marknaden er bilen ikkje. Ford har nyleg lansert den nye S-maks, og BMW har 2-serie Grand Tourer. Det er med andre ord ikkje duka for nokon automatisk suksess i klassen der dei praktiske omsyna veg aller mest – men der vi òg kunne ønskt oss litt meir entusiasme. For det er truleg det einaste den nye Volkswagen Touran ikkje heilt kan levere.
 

Til toppen