STORE SKADAR: Flaumen i Lærdal påførte store skadar på privat eigedom. Foto: Anne Karin Skjær.
STORE SKADAR: Flaumen i Lærdal påførte store skadar på privat eigedom. Foto: Anne Karin Skjær.

Kallar inn til informasjonsmøte om handtering av naturskadar

Kommande måndag, 3.november, blir det ope informasjonsmøte med ÅLA, i Aurland.

– Møtet tek plass på rådhuset kl.18.00, og her får ein ei detaljert gjennomgang av kva som har skjedd og kjem til å skje, seier landbrukssjef, Magnhild Aspevik, på telefon.

– Møtet er sjølvsagt for dei som er råka, men det er fritt for alle å ta turen, slik at ein får betre informasjon og slepp å spekulera. Ein har òg moglegheit til å stilla spørsmål, legg Aspevik til.

Det vert orientering om gjeldande rutinar og reglar, for korleis og kor dei som er ramma av naturkatastrofar kan få hjelp.

Viktige personar til stades  

Med på møtet vert mellom anna Fylkesmannen i sogn og fjordane v/ Landbruksdirektør Christian Rekkedal, og seksjonssjef Gunn Eide frå Landbruksdirektoratet. Ho har spisskompetanse frå handtering av naturkatastrofar i Noreg. 

I tillegg kjem det representantar frå Norsk naturskadepool, Aurland kommune, Lærdal kommune og politiet ved Per Tomas Klingenberg.

Til toppen