OPTIMISTAR: At turen startar i Årdal er spikra, om dei kjem fram til målet i Sandnes er meir usikkert. Kameratane Per Jarle Riise og Roy Middleton har knapt rodd, men det hindrar dei ikkje frå å ha høge ambisjonar.
OPTIMISTAR: At turen startar i Årdal er spikra, om dei kjem fram til målet i Sandnes er meir usikkert. Kameratane Per Jarle Riise og Roy Middleton har knapt rodd, men det hindrar dei ikkje frå å ha høge ambisjonar. (Foto: Privat)

Kameratane mangla motivasjon til å trena, planlegg 450 kilometer lang rotur

Bortsett frå den skrantande forma, er det minst eitt ekstra problem. Dei har knapt rørt ei åre før.

Årdal: – Det var litt av poenget, å utfordra oss sjølve, seier Roy Middleton (38).

Han og nordsjø-kollegaen Per Jarle Riise (42) har bestemt seg. I august neste år skal dei ro frå Årdalstangen til Sandnes, til saman over 450 kilometer.

Sjølv kjem Middleton frå Vaksdal like utanfor Bergen, medan Riise kjem frå Sandnes. Årdal dukka opp tilfeldig då dei skulle prøva å plotta ut ei fin rute på kartet.

VEDDEMÅL: At han skal ro 450 kilometer er ikkje einaste grunnen til at Per Jarle Riise ligg i hardtrening. Tek han ikkje av 30 kilo på eitt år, må han ro halve turen åleine. Foto: Privat

– Einaste kravet var at me skulle ro langt. Gjekk me lenger nord eller sør, så måtte me utanskjers. Me fann ut at om me byrja inst på kartet, lengst inne i Sognefjorden, då såg det fint ut. Så då vart det Årdalstangen, seier Middleton.

– Verdas lataste personlege trenar

Dei har fleire mål med turen. Eitt av dei er å samla inn pengar til forsking på barnekreft. Eit anna er enkelt å greitt å komma i form. 

– Dei fleste opplever at treningsmotivasjon går i bølgjer. Når du er i ein bølgjedal, så må du finna på noko nytt. Eg er ikkje ein person som blir motivert av å ha startnummer på brystet. Eg likar å ha treningsmål som er meir langsiktige og utanom det vanlege, seier Middleton.

Det er ikkje første gong dei set seg sprøe mål. I fjor sykla Riise frå Oslo til Paris. I 2015 enda Middleton opp med å gå 370 kilometer frå Stavanger til Bergen etter eit tapt veddemål. Han hadde vedda mot ein kollega som ville gå ned tretti kilo på eitt år.

– Han gjekk ned 41 kilo, seier Middleton.

Håpar på medvind heilt til Sandnes

Som om ikkje roturen frå Årdal til Sandnes var motivasjon nok, ligg det eit lite veddemål og pirrar denne gongen òg. Viss ikkje Middleton går ned tretti kilo til mars neste år, må han ro halve turen åleine.

– Eg ser på meg sjølv som verdas lataste personlege trenar. Eg inngår veddemål, så får dei fiksa resten sjølv, seier Middleton.

Dei har sett av to veker til turen. Dei ser for seg å overnatta i telt, eller i naust om dei finn nokre ledige. Proviantlogistikken satsar dei på vil løysa seg sjølv.

– Me kjem til å ro forbi tettstader og butikkar, så eg trur ikkje me skal svelta. Men me har ikkje kome så langt i planlegginga at me har funne ut kva me skal ha med oss i båten. Faktisk har me ikkje funne båten enno, seier Middleton.

Urutinerte som dei er, har dei ingen idèar om kor tøff turen vert. Motvind og motstraum er ein lunefull kombinasjon dei håpar å unngå.

– Akkurat vêret og vinden kan me ikkje styra noko med, men me kjem til å gjera det me kan for å komma i mål. Det er ei stund til me skal ro enno, heldigvis, så me har har litt tid til å trena, finna båt og finsikta ruta, seier Middleton.

 
Til toppen