SOSIAL DUMPING: Laus tilknyting til arbeidslivet gir større rom for sosial dumping og utnytting av arbeidskrafta, skriv distriktssekretær i LO, Nils Petter Støyva (t.v.), her saman med leiar i Sogn og Fjordane Ap, Hilmar Høl.  
meiningar
SOSIAL DUMPING: Laus tilknyting til arbeidslivet gir større rom for sosial dumping og utnytting av arbeidskrafta, skriv distriktssekretær i LO, Nils Petter Støyva (t.v.), her saman med leiar i Sogn og Fjordane Ap, Hilmar Høl.  
meiningar

Kampen for eit seriøst arbeidsliv

Innleige av arbeidskraft frå bemanningsføretak er i nokre bransjar i ferd med å utkonkurrere faste tilsettingar. Dette fører til at organisasjonsgraden går ned og at tariffavtalene får mindre å seie, skriv distriktssekretær i LO, Nils Petter Støyva.

Arbeidslivet som vi kjenner det er under press. Både internasjonalt, nasjonalt og lokalt ser vi at arbeidstakarane sine rettar blir bygde ned. Sosial dumping, auka bruk av innleige- og bemanningsbyrå og uoversiktlige selskapsformer er med på å svekke HMS-arbeidet, demokratiet på arbeidsplassen og maktbalansen mellom arbeidsgivarar og arbeidstakar.

Vogntog stoppa i Sogn og Nordfjord med nedslitne dekk og bremser, og sjåførar med nokre få tusenlappar i månadsløn er berre nokre eksempel frå lokalmedia denne våren. Det er flott at media i fjordfylket engasjerer seg i dette viktige temaet.

LO vil kjempe for å vidareutvikle det gode arbeidslivet vi har i Norge. LO med 925.000 medlemmar vil arbeide for å snu dei negative utviklingstrekka vi er vitne til. Faglige rettar er ein av berebjelkane i eit velfungerande og sunt arbeidsliv. Tariffpolitikken sin kjerneoppgåve er å sikre medlemmane sin del av verdiskapinga i form av auka kjøpekraft. Det er og eit mål å få til ei jamn fordeling av verdiane i samfunnet. LO vil forsterke hovudavtalane og bruken av tariffavtalar i arbeidslivet.

Denne negative utviklinga har skote fart etter at EU vart utvida mot Aust-Europa frå 2004. Dette har ført til eit auka tilbod av utanlandsk arbeidskraft i landet vårt. Bemanningsbransjen sin praksis med å tilsette folk "fast", men ikkje betale løn mellom oppdrag, undergrev heile arbeidslivet og den norske modellen.

Denne typen tilsettingar er ikkje faste tilsettingar, men gjentekne midlertidige tilsettingar. Dette er ei grov utnytting av arbeidsfolk som ikkje bør førekome. Stadig fleire arbeidstakarar blir "tvinga" til å gå over i ei rolle som sjølvstendig næringsdrivande. Mange oppfattar dette som ei ulovleg omgåing av reglene om fast tilsetting.

I delingsøkonomien ser vi klåre tendensar til at fleire arbeidsgivarar ønskjer å organisere seg bort frå arbeidsgiver -ansvaret, og opererer i randsona av norsk lovgjeving. Ei slik organisering av verksemdene vil føre til eit aukande tal tilsette utan fast tilsetting.

Denne utviklinga vil føre til eit lausarbeidarsamfunn med mindre tryggleik og mindre innflytelse for dei tilsette. I neste runde vil lønningane bli pressa nedover. Dette råkar særleg dei som frå før står svakast i arbeidsmarknaden. 

Innleige av arbeidskraft frå bemanningsføretak er i nokre bransjar i ferd med å utkonkurrere faste tilsettingar. Dette fører til at organisasjonsgraden går ned og at tariffavtalene får mindre å seie. Arbeidsplassar med innleigd arbeidskraft har ofte eit meir belastande arbeidsmiljø med auka risiko for skadar og ulukker. Særskilt er bygge- og anleggsbransjen utsett.

I denne bransjen er den innleigde arbeidskrafta som oftast uorganiserte utanlandske arbeidarar. For vel ei veke sidan vart 11 personar frå ulike byggeplassar utviste frå landet fordi dei m.a. ikkje hadde arbeidsløyve. 40 andre er under etterforsking av politiet, skatteetaten og arbeidstilsynet. Laus tilknyting til arbeidslivet gir større rom for sosial dumping og utnytting av arbeidskrafta. Dette fremmer konkurranse om lønsvilkår framfor produktivitet og kvalitet på arbeidsplassane.

Det må settast inn tiltak for motverke utviklinga i arbeidslivet. Eit eksempel på slike tiltak er å auke innsatsen for å sikre betre samordning av dei som har ansvar for tilsyn av verksemdene. Eit anna tiltak er å sjå på korleis offentlege brukar innkjøpsmakt til å sikre lærlingar, rettferdig konkurranse og eit organisert arbeidsliv.

På begge desse områda har regjeringa fått krass kritikk frå ei rekkje organisasjonar for manglande innsats. Riksrevisjonen konkluderte med at den blåblå regjeringa med Høgre og FrP sin innsats mot arbeidsmiljøkriminalitet er «svak og lite avskrekkende». Arbeidarpartiet og dei raudgrøne partia fremma for ei veke sidan 31 forslag for å få eit meir seriøst og betre organisert arbeidsliv. Men stortingsfleirtalet med Høgre og Frp i spissen stemde ned 30 av dei 31 forslaga.

LO vil vidareføre sitt sterke engasjement mot arbeidslivskriminalitet, sosial dumping og ei lausare tilknyting til arbeidslivet. Det overordna målet for LO er at arbeidstakarane skal sikrast faste tilsettingar hos ein reell arbeidsgivar.

Til toppen