MÅTTE AVLYSE: Ein allereie tynn Aurlandstropp var råka av fleire skadar førre helg. No er kampen som skulle gått mot Jotun/Årdalstangen denne helga avlyst. Foto: Arkiv.
MÅTTE AVLYSE: Ein allereie tynn Aurlandstropp var råka av fleire skadar førre helg. No er kampen som skulle gått mot Jotun/Årdalstangen denne helga avlyst. Foto: Arkiv.

Kampen mellom naboklubbane er avlyst

Ferske skadar på ein allereie tynn tropp gjorde at Aurland måtte avlyse kampen.

Årdal: Etter planen skulle Jotun/Årdalstangen og Aurland møttest i Årdalshallen denne helga, men tidlegare denne veka kom meldinga frå Aurland om at dei ikkje hadde høve til å stille lag.

– Utgangspunktet var at me knapt hadde lag, men me trudde det skulle gå greitt å gjennomføre. Så fekk me to skadar sist helg, og etter mange rundar ønskte me å omberamme kampen, seier Torill Torsvik Ebne i Aurland IL.

Kom med tilbod til Aurland

Det hadde ikkje heimelaget, som sjølv har spelarar på skift og som kjem heim til bygda for å spele kampar, moglegheit til. 

– Det er synd for begge partar. Og så er det synd for spelarane og dei som hadde tenkt seg på kamp, seier heimelagets trenar Olafur Sveinsson, som kom med eit tilbod til aurlendingane.

– Eg har sjølv opplevd denne situasjon som Aurland er i, så tanken min var då at me stilte med like mange spelarar på bana som Aurland.

Får bot

Det takka i mellomtida Aurland nei til. 

– Dei få spelarane som var skadefrie tykte det var tøft nok å tape 47-7 mot Sogndal førre helg. Å då reise til Årdal for å spele ein kamp dei veit dei vil tape med berre fem spelarar, er ikkje gøy, seier Ebne, som understrekar at dei helst slapp å avlyse.

– Me vil jo ikkje avlyse kampar, men når Jotun/Årdalstangen ikkje kunne flytte kampen, måtte me seie at me ikkje kom.

No vankar det ein bot på 2000 kroner for ikkje å møte til kamp.

Aurland ligg sist i avdelinga med éin siger denne sesongen. Jotun/Årdalstangen ligg på 2. plass bak Sogndal. 

Det betyr at Vik-Eid er den einaste kampen frå avdelinga som går denne helga. Tysdag og torsdag vert det meir handball når Sogndal tar imot høvesvis Vik og Florø 2. Jotun møter Førde 2 neste søndag. 

Til toppen