PARADOKSET: Som konserndirektør i Sparebanken Vest har Jan Erik Kjerpeseth ansvar for 700 tilsette. Jobben på heimebane er ikkje mindre utfordrande, skriv han i denne kronikken.
PARADOKSET: Som konserndirektør i Sparebanken Vest har Jan Erik Kjerpeseth ansvar for 700 tilsette. Jobben på heimebane er ikkje mindre utfordrande, skriv han i denne kronikken. (Foto: Sparebanken Vest)

MEININGAR

Kampen om å bli den kjipaste pappaen i verda

– Kvifor er det lettare å få 700 tilsette til å dra i same retning, enn å få nokre få ungar til å få ete ein sunn frukost eller middag?, spør banksjef Jan Erik Kjerpeset seg i denne kronikken.

Meiningar: Så skjedde det igjen. Eg lot meg rive med og spelte fotballkamp på soverommet i staden for å få ungane tidsnok i seng. Nok ein gong vart ungane oppspilte og overtrøytte. Nok ein gong vart det kjekling og kjip stemning då eg sette foten ned, og avlyste den ekstraomgangen dei så soleklart meinte var rettferdig.

Så sovna dei altfor seint, i kveld igjen. Eg står og ser på dei, med ei kjensle av å ikkje heilt strekke til. Eg grublar på korleis eg kan gje dei eg elskar mest, det beste  fundamentet for eit godt liv.

Eg meiner å ha lese ein stad at Winston Churchill sa det var lettare å styre ein nasjon enn å oppdra tre ungar. Kanskje var han inne på noko?

Å sikre mine eigne ungar sunn mat og nok søvn er den aller viktigaste jobben eg har. Og eg slit.

Ein dialog frå røynda

Då eg var liten, ferierte vi for det meste i Bremanger. Vi heldt oss heime i tilfelle det skulle slutte å regne. Og om det slutta å regne, då skulle det hesjast! Sjølv tek eg ungane mine med ut i den store verda. I haustferien skulle ungar som elskar Bremanger no få oppleve Rhodos.

Kampen om grensesettinga startar frå ungane vaknar:

Dei: Pappa, vi vil ha frukost

Eg: Klart vi skal ha frukost. Det er viktig med ein god frukost.

Dei: Pappa, dei har nonstop, is og pannekaker til frukost. Det vil vi ha!

Eg: NonStop og is er ikkje frukost. Det er godteri.

Dei: Då vil vi i alle fall ha musli med Oreo. Please, pappa, vi bur jo nesten aldri på hotell!

Eg: Oreo er ikkje frukost. Det er godteri. Sjå heller på all den gode frukta, og omelett har dei og.

Dei: Sjå, pappa  – dei andre ungane får lov. Kvifor er det berre VI som må ete frukt, brød og egg? Kvifor skal du alltid være så nøye på det?

Eg: I vår familie et vi ikkje godteri til frukost. Sånn er det berre!

Dei: No er du skikkeleg kjip, pappa!

Paradokset

Min jobb er å vere konsernsjef for ein av dei største sparebankane i Norge, i ein bransje i svært stor endring. Min jobb er å sette kurs, sjølv om ingen kjenner koordinatane for det endelege målet vi skal nå.

Men det er det enklaste som er umogleg:  Å sikre mine eigne ungar sunn mat og nok søvn. Det er den aller viktigaste jobben eg har. Og eg slit.

Kvifor er det enklare å forstå kva som skal til for å møte PSD2-direktivet enn å få sine eigne ungar i seng til skapleg tid? Kvifor er det lettare å få 700 tilsette til å dra i same retning, enn å få nokre få ungar til å få ete ein sunn frukost eller middag?

Rett som det er kjenner eg meg som ein kjip pappa, men finn trøyst i at forskinga viser kor viktig det er, dette uendelege slitet med å sette grenser.

Marshmallow eksperimentet

Tidleg på 60-talet gjennomførte den amerikanske psykologen og forskaren Walter Mischel eit eksperiment i barnehagen ved Stanford.

Ei gruppe ungar i alderen 4 til 6 år fekk følgjande oppgåve: 

«Anten kan du få ete godteriet som ligg på fatet framom deg med det same, eller så kan du vente litt. Dersom du klarar å vente til eg kjem tilbake, vil du få to godteri.»

Alle ungane seier sjølvsagt at dei vil vente. Dei vil ha begge godteria. Men eksperimentet viste at berre eit mindretal av ungane faktisk klarte å vente dei minutta som skulle til for å doble vinsten. Den eine ungen etter den andre viser seg å ikkje ha sjølvkontroll nok til å vente. Dei puttar godteriet i munnen og synest å angre seg like etterpå.

For seks år sidan publiserte psykologen Terrie Moffitt ein tilsvarande studie av heile 1000 ungar i New Zealand. Forskarane følgde ungane frå fødsel og fram til dei var 32 år gamle. Ungane med høg sjølvkontroll vaks opp med betre fysisk helse, mindre grad av fedme og betre tannhelse. Ungar med mindre sjølvkontroll fekk jobbar med lågare lønn og eigde sjeldnare sin eigen bustad. Dei hadde mindre sparepengar i banken, og sette sjeldnare av pengar til pensjon.

Meir relevant enn nokon gong

Korleis kan vi lære ungane evne til utsett behovstilfredsstilling når så mange får det dei ønskjer seg utan å måtte spare? Korleis kan vi lære ungane kunsten å glede seg til noko, i ei tid der mange foreldre ikkje anar kva dei skal gje til borna sine til jul? 

Og ikkje minst: Korleis kan vi lære ungdommane våre å ikkje bruke pengar dei ikkje har, når dei blir bombardert med tilbod om freistande forbrukslån?

Det yrkeslivet som ventar våre ungar i framtida, vil vere vesentleg endra frå det vi kjenner i dag. Mitt største ønske er at ungane skal få tilgang til det så mange av min eigen generasjon har fått oppleve: Valfridom. Å kunne velje utviklande og meiningsfullt arbeid.

Sjølv om det er umogleg å føreseie kva for fagleg kompetanse som vil vere viktig tjue år fram i tid, er eg trygg på ein ting: Morgondagens arbeidstakarar kjem ikkje i posisjon til å kunne velje utan viljestyrke og gjennomføringsevne.

Eit ønskje om harmoni

Eg er nok ikkje åleine om å lengte etter harmoni i heimen. Det kjekkaste som finst er når ungane er glade. Vi har så få ledige timar saman etter jobb, skule og lekser, at vi gjer det vi kan for at dei timane skal være harmonisk og gode.

Fri frå kjekling om å sitte ved middagsbordet til alle er ferdig utan mobiltelefonen i handa. Fri frå gnaget om kvifor vi må ete grønsaker og at det er viktig med tran. Fri for den trøyttande maset om kvifor det er så viktig med nok søvn.

Det er kveld. Eg ryddar fotball og fotballkjegler tilbake i skapet. Klokka blei 21.30 før ungane sovna. Dei kjem til å vakne med ein time mindre søvn enn eg hadde planlagt. Det blir tungt å få dei opp av senga i morgon tidleg.

Eg veit at eg blir utsett for krav om revansje og omkamp i morgon kveld.

Mannen i spegelen

Mens eg pussar tennene spelar eg Michael Jackson i bakgrunnen. Eg høyrer han synge:

I'm Starting With The Man In
The Mirror
I'm Asking Him To Change
His Ways And No Message Could Have
Been Any Clearer
Take A Look At Yourself, And
Then Make A Change

Meldinga kunne ikkje vore tydelegare. Det er ikkje den uendelege kjeklinga om sukker og søvn som er problemet. Det er ikkje den ustoppelege argumentasjonen deira om kor urettferdig og kjip eg er når eg set grenser. 

Det er mitt eige kortsiktige behov for å kjenne meg som ein bra pappa som står i vegen for nødvendig grensesetting.

Kjipast i verda

Eg innser at eg må trene meg på å tole sinte protestar ved frukostbordet. Tole at eg ikkje til ei kvar tid er kåra til verdens kjekkaste og kulaste pappa. 

Tole å kjenne meg litt kjip.

Eg legg meg til å sove, ein time seinare enn eg burde. I morgon er det ein ny dag. Men noko seier meg at han kjem til å handle om det same. Om lekser, om mobiltelefon ved middagsbordet, om sukker og leggetid.

Eg tenkjer på minstemann som fylte eitt år 9. november. Det slår meg at min viktigaste jobb er å tole kjekling. Tole å vinne i kåringa om kven som er kjipast i verda.

Ikkje berre i morgon.

Ikkje berre denne hausten.

Men rundt rekna i tjue år til.

Til toppen