FORHANDLINGAR: Snart byrjar forhandlingane om kven som vert ordførar dei neste fire åra. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
FORHANDLINGAR: Snart byrjar forhandlingane om kven som vert ordførar dei neste fire åra. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Kampen om ordførarvervet er i gang

Tysdag formiddag var Senterpariet tidleg på plass for å legge ein slagplan for forhandlingane.

Årdal: Litt etter klokka 16.00 tysdag ettermiddag fortel sitjande Arbeidarparti-ordførar Arild Ingar Lægreid at dei framleis jobbar med å få ferdig teljinga. 

Dei endelege valresultata er enno ikkje klare, og forhandlingane vil byrje etter at teljinga er avslutta. 

– Me ventar på dei endelege tala for å kunne legge eit utgangspunkt for vidare forhandling, seier Aleksander Øren Heen.

Nøkkel

Den unge ordførarkanditaten frå Årdal Senterparti fortel at Miljøpartiet Dei Grøne sit på nøkkelen for den neste kommunestyreperioden i kommunen. 

– Me håpar dei vil bidra til eit grønt skifte, og me har mange gode, felles saker. Miljøpartiet Dei Grøne vil ha mest att for å samarbeide med oss.

For at Øren Heen skal ta over ordførarklubba, må dei lokale partia Venstre, Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne vere viljuge til å samarbeide med Årdal Senterparti.

Øren Heen meiner det er to punkt som står i fokus hjå Senterpartiet no, og det er å samle bygda og få orden på økonomien. 

Ferskt parti

Arild Ingar Lægreid (Ap) fortel at Miljøpartiet Dei Grøne er eit viktig parti for å kunne setje miljø på dagsordenen.

– Det er eit ferskt, nytt parti med stor popularitet i landet. Dei er nok viktige å ha med seg i eit kommunestyre, seier han.

SPENT: Arild Ingar Lægreid er spent på om han held fram som ordførar, og ser at Miljøpartiet Dei Grøne har ei viktig rolle i eit kommunestyre.
SPENT: Arild Ingar Lægreid er spent på om han held fram som ordførar, og ser at Miljøpartiet Dei Grøne har ei viktig rolle i eit kommunestyre.
Til toppen