KAMPANE ER KLARE: Det nærmar seg sesongstart for damelaget til Jotun i 3. divisjon. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun
KAMPANE ER KLARE: Det nærmar seg sesongstart for damelaget til Jotun i 3. divisjon. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun

Kamplista for Jotun er klar

Første kamp og sesongstart for damelag til Jotun IL i 3. divisjon, avdeling 10, går av stabelen 19. september.

Årdal: Ny sesong står for døra for damelaget til Jotun IL, som rykte ned til 3. divisjon etter sist sesong. 19. september speler dei første kampen mot Sotra 2 på heimebane i Årdalshallen. 

Heile kampoppsettet finn du her.

Trenar Olafur Sveinsson har ingen kommentar om motstandarane laget no møter. Han seier at det blir nok ein utfordrande sesong i alle fall og at prosessen i klubben no handlar om å få ting i orden. På dette nivået veit ein heller ikkje kva ein møter frå kamp til kamp. 

Styret i Jotun handball vil ikkje per no seie noko om korleis situasjonen er for spelargruppa, då det er ferieavvikling på dei fleste. Kjell Ove Forthun, styremedlem i Jotun handball, seier det blir jobba intensivt med laga i både 3. og 4. divisjon fram mot sesongstart og at dei kjem attende med meir informasjon om kort tid. 

Børre Øvstetun, i arbeidsutvalet i klubben, uttalte tidlegare til Porten.no at det no handlar om å sjå framover og legge ein strategi som sikrar framtida til klubben. 

Les også: Slik vil dei «revitalisera» Jotun

Til toppen