Foto: Privat.
meiningar
Foto: Privat.
meiningar

Kampsaker for fylkes-KrF på samferdsel

MEINING: Allereie før Landsmøtet har fylkeslaget til KrF fått gjennomslag hos programkomiteen for gode politiske føringar i det nye stortings-programmet.

Fylkeslaget har vore aktiv i heile innspelsperioden for partiprogrammet og for det viktige distriktspolitiske området; Samferdsel, har vi fått inn følgjande formuleringar:

  • At verdiskaping i ein region skal telje med ved prioritering av utbyggingsprosjekt, ikkje berre ÅDT (trafikkmengde) og folketal.
  • Endre tunnelforskrifta slik at ma krav til naudsamband også skal gjelde for tunnelar med liten trafikk når tunnellen er over 1000 m.
  • Auke løyvingane til rassikring på både riks- og fylkesvegar.
  • Sørge for breidband, som hovudregel definert som min. 100Mbps, til alle deler av landet, med statlege tilskot til utbygging der grunnlaget for kommersiell utbygging ikkje er tilstades.
  • Innføre statleg ordning som sikrar utbetring av vegar/infrastruktur som blir øydelagt av naturkreftene.

Programkomiteen til KrF leverer eit framlegg med svært god og tydeleg distriktpolitikk på viktige område som samferdsel, utflytting av statlege arbeidsplassar, næringsliv inkl. primærnæringane, kultur, grunnskule, høgre utdanning og forsking. Når det gjeld den aktuelle saka om kommunesamanslåing, så står KrF fast på frivillig-linja. Men vi vil halde fram med økonomiske  insentiv til dei som vil slå seg saman.

Følg gjerne landsmøtet på www.krf.no/landsmote2017 

Tore Storehaug, 1. kandidat ved Stortingsvalet
Trude Brosvik, fylkesleiar og 2. kandidat
Stein Robert Osdal, 3. kandidat og ordførar i Selje

Til toppen