KAN BLI HISTORIE: Sogn tingrett som ligg i Sogndal vil truleg stå på kuttlista Domstoladministrasjonen kjem med før nyttår. Arkivfoto
KAN BLI HISTORIE: Sogn tingrett som ligg i Sogndal vil truleg stå på kuttlista Domstoladministrasjonen kjem med før nyttår. Arkivfoto (Foto: Arkivfoto/Ina Eirin Eliassen)

Kan bety slutten for Sogn tingrett

Domstoladministrasjonen har varsla at Sogn tingrett og Fjordane tingrett kan bli slått saman. 

Fjordane tingrett og Sogn tingrett står på lista som Domstoladministrasjonen har lagt ut over samanslåingar av tingrettar og jordskifterettar dei vurderer i Noreg, skriv NRK Sogn og Fjordane. 

Samanslåingane av domstolar har vore varsla, men sett på vent fram til politireforma vart vedteken. Mellom anna ønskjer Domstoladministrasjonen tingrettar med minst 8 til 10 dømmande årsverk, større og meir slagkraftige domstolar, fleire digitale løysingar og eit større fagmiljø. 

Dermed er det truleg den miste av dei, Sogn tingrett som ligg i Sogndal, som vil stå på kuttlista Domstoladministrasjonen kjem med før nyttår. Jarle Aarvoll (Ap), ordførar i Sogndal seier til NRK at han trur det er uråd å bevare tingretten slik den er i dag. Likevel håpar han at rettsakene kan gå i Sogn og at Sogn tingrett får behalde flest moglege tilsette. 

Advokat Louis Anda er tydeleg på at utøvinga av tingretten bør vera i alle regionar i fylket, og peiker på meirarbeid ved ei sentralisering. Han har tidlegare vore for å slå saman tingrettane. 

 

Til toppen