STENGA: Trond Øyen Einemo (H) tok ordføraren sin plass i fråvêr av Jan Geir Solheim onsdag, og lufta moglegheiten for å stenga begge bassenga i 2017. Gro Starheimsæther (Sp) til venstre. Foto: Ole Ramshus Sælthun
STENGA: Trond Øyen Einemo (H) tok ordføraren sin plass i fråvêr av Jan Geir Solheim onsdag, og lufta moglegheiten for å stenga begge bassenga i 2017. Gro Starheimsæther (Sp) til venstre. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Kan bli aktuelt å stenga bygg

Politikarane lufta moglegheita for å stenga begge bassenga i Lærdal eller kulturhuset i eitt år for å koma i hamn med 2017-budsjettet.

Lærdal: – Kva skjer om stengjer begge bassenga i 2017? Dei er ikkje lovpålagde. Og det kan reverserast, sa Trond Øyen Einemo (H).

Han var ordstyrar under møtet mellom formannskapsmedlemmane, Venstre sin kommunestyrerepresentant, rådmannen, kommunalsjefane og økonomirådgjevar onsdag. Målet er å koma i hamn med budsjettet 2017.

På den eine sida diskuterte politikarane kva ein kan spara på omorganisering av administrasjonen.

Les også: Budsjettet i Lærdal: – Me er topptunge

Kva er verst å stenga - kulturhus eller symjebasseng?

På den andre sida vart det lufta om ein kan stenga ned eitt eller fleire av dei mange bygga kommunen eig. Stein Vidar Nehmet (Sp) møtte i fråvêr av ordførar Jan Geir Solheim.

– Viss ein skal sjå ting opp mot kvarandre, korleis er det  å stenga eit hus som kulturhuset? Kosen er også eit stort hus. Eg tenkjer då i høve å stenga to symjebasseng; kva er best og verst for innbyggjarane? spurde han.

Rådmannen etterlyste konkrete bestillingar for innsparingar, og fekk følgje av ordstyrar Øyen Einemo, som sa det med ein kreativ kombinasjon av to klisjèar:

– Me må få ein del ballar på bordet, elles blir me sitjande med postkassa full av skjegg.

Han tok også tanken til Nehmet vidare:

– Går det an å selja heile kulturhuset og leiga tilbake dei tenestene me treng? Kva gjer det med tala våre? Det gjer i alle fall noko med gjelda vår.

Tre store ballar kom opp på bordet: kutt i administrasjonen, stenging av bygg og eigedomsskatt. Sistnemnde tok Kåre Mentz Lysne (Ap) opp, men han streka under at gruppa hans var delt og at ein såleis heller ville trimma organisasjonen i første omgang. Ettersom det heller ikkje er politisk fleirtal for eigedomsskatt og nærast praktisk umogleg i 2017, vart den ballen lagt død kjapt.

Les også: – Eigedomsskatt? Då må det bli verre

Kan ein ta av næringsfondet?

Ein mindre ball Lysne tok opp var å ta av næringsfondet til visse utgifter der dette er mogleg.

– Når det gjeld næringsfondet bør ein del eller kanskje heile løna til ordføraren takast herifrå? Og kan kulturhuset sjåast på som eit næringsbygg så rentene av dette kan betalast frå fondet? Eg trur me må sjå på disponeringa av næringsfondet på ein heilt ny måte i 2017, og seia at det ikkje blir så mykje tilskot til tiltak herifrå.

Den var Øyen Einemo berre delvis med på:

– Eg er einig i noko av det du nemner, men ikkje alt. Å ta så mykje av næringsfondet er ikkje som å pissa i buksa ei gong - ein kjem ikkje så langt fordi ein knip i begge endar.

Mellom anna meiner han ein ikkje kan ta heile løna til ordføraren frå fondet, men kanskje deler av den. Grunnen til at ein eventuelt kan det er at ein del av jobben til ordføraren er næringsretta.

Øyen Einemo nemnde også at tekniske tenester ligg høgare enn kva politikarane ventar ettersom dei etter dagens drift vil ta 16 millionar kroner av 2017-budsjettet.

Les også: Styrer mot underskot på drygt fire millionar kroner

Rådmann Alf Olsen jr. opplyste at det var ein dialog med Helse Førde om å redusera kostnadane med Sogn lokalmedisinske senter og at tilbakemeldingane var positive. Vidare at det blir ekstra kostnader ved innfasing av naudnett ved Sogn lokalmedisinske senter og dette er ei felles utfordring Lærdal og Årdal kommune har ein god dialog rundt korleis skal handterast.

Møtet var altså eit arbeidsmøte utan vedtak, her vart det berre diskutert og drøfta. Neste formannskapsmøte er sett til 8.desember.  

Til toppen