SMITTEVERNTILTAK: Ved eit lokalt utbrot av koronaviruset i Sogndal, kan det bli aktuelt med smitteverntiltak på trafikkstasjonen.
SMITTEVERNTILTAK: Ved eit lokalt utbrot av koronaviruset i Sogndal, kan det bli aktuelt med smitteverntiltak på trafikkstasjonen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Kan bli aktuelt med lokale smitteverntiltak: – Me er i dialog med helsemyndigheitene

I ein pressemelding kjem det fram at lokale koronautbrot kan føra til strengare smitteverntiltak på enkelte trafikkstasjonar.

Sogndal: – Trafikkstasjonane vil fortsatt vera opne for dei som har bestilt time, men lokale smitteutbrot kan føra til at me innfører noko strengare smitteverntiltak enkelte stader. Me er i dialog med helsemyndigheitene og forheld oss til råda me får, seier Bodil Rønning Dreyer, direktør for Trafikant og kjøretøy i Statens vegvesen.

Dette betyr mellom anna at dei som skal ta teoriprøve eller praktisk førarprøve må bruka munnbind enkelte stader.

– Allereie frå i dag er det påbod med munnbind for dei som skal ta praktisk førarprøve på Mysen i Indre Østfold. Dette gjeld for klassar der kandidat og sensor sit nære kvarandre under prøven, mellom anna klasse B, personbil. Påbodet gjeld ikkje for tyngre klassar eller for motorsykkel, seier Dreyer.

Må bestilla time

Det er òg påbode med munnbind for dei som skal ta teoriprøve på Mysen. Kandidatane må sjølv ta med eige munnbind.

– Per i dag er dette den einaste staden me har påbod om munnbind, men dette kan endra seg dersom det kjem fleire lokale utbrot i områder der me tilbyr oppkøyring og teoriprøve. Me gjer dette for å ivareta smittevernet til både kandidatane og til eigne tilsette.

I pressemeldinga minnar ho òg om at alle som skal til en trafikkstasjon må bestilla time for å få utført tenester

– Timebestilling har gjort at me kan halde trafikkstasjonane opne trass for koronasituasjonen. Det gir oss forutsigbarheit og det sikrar at ikkje for mange er samla samstundes inne på stasjonane våre.   

Til toppen