TUNGT: Rådmann Alf Olsen jr. seier det blir tyngre og tyngre å snu steinane for kvar gong han må gjera det - verkemiddel finst, men dei kjem til å svi og er lite populære. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun
TUNGT: Rådmann Alf Olsen jr. seier det blir tyngre og tyngre å snu steinane for kvar gong han må gjera det - verkemiddel finst, men dei kjem til å svi og er lite populære. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Kan bli full tilsetjingsstopp i Lærdal kommune

På fem år har Lærdal kommune fått meir enn halvert inntektene på konsesjonskraft og eigedomsskatt på verker og bruk. No må rådmannen snu alle steinar - igjen.

Lærdal: – Eg har aldri vore borti ein meir alvorleg situasjon enn denne. Viss det er eit tidspunkt for full tilsetjingsstopp, så er det no, sa Jan Geir Solheim i det hasteinnkalla formannskapsmøtet i etterkant av kommunestyremøtet i Lærdal torsdag.

I 2012 var inntektene på konsesjonskraft 17,7 millionar kroner. For 2017 er det budsjettert med 6,5 millionar kroner her.

Artikkelen held fram under tabellen

62 PROSENT NEDGANG: I høve 2012 har inntekta frå konsesjonskraft stupt frå 17,7 millionar kroner til 6,5 millionar kroner i 2017-budsjettet. Tabell: Lærdal kommune
62 PROSENT NEDGANG: I høve 2012 har inntekta frå konsesjonskraft stupt frå 17,7 millionar kroner til 6,5 millionar kroner i 2017-budsjettet. Tabell: Lærdal kommune

Eigedomsskatten på verker og bruk - som i all hovudsak ligg på kraftverka - var for fem år sidan 22,5 millionar kroner. Denne inntekta var også oppe i 25,8 millionar kroner i 2014, så har det stupt; no ligg det an til 10,7 millionar kroner i inntekt frå denne skatten for 2017 etter meldinga frå sentralskattekontoret måndag. 

Artikkelen held fram under tabellen 

52 PROSENT NEDGANG: I høve 2012 har inntekta frå eigedomsskatt på verker og bruk gått ned frå 22,5 millionar kroner til 10,7 millionar kroner i 2017-budsjettet. Tabell: Lærdal kommune
52 PROSENT NEDGANG: I høve 2012 har inntekta frå eigedomsskatt på verker og bruk gått ned frå 22,5 millionar kroner til 10,7 millionar kroner i 2017-budsjettet. Tabell: Lærdal kommune

Fasiten er difor: I 2012 hadde kommunen til saman 40,2 millionar kroner i desse kraftrelaterte inntektene. For 2017 er summen 17,1 millionar kroner. Det totale driftsbudsjettet for Lærdal kommune ligg på rundt 150 millionar kroner. Ein nedgang på 23 millionar kroner i løpet av desse fem åra utgjer såleis drygt femten prosent.

Les også: Mistar 20 millionar kroner i eigedomsskatt

Les også: – Det er ekstremt alvorleg

Oppseiingar, tilsetjingsstopp og eigedomsskatt?

– Me klarar ikkje å få budsjettet i balanse i år, og me går med for høg fart inn i 2017, sa Solheim under formannskapsmøtet med tittelen «Kva gjer me no?».

Han nemnde også at oppseiingar kan bli aktuelt og at full innkjøpsstopp er ein moglegheit, men at dette i praksis er svært vanskeleg.

– Å slutta å kjøpa viskelêr reddar uansett ikkje kommuneøkonomien. Her blir det viktig å ikkje henga seg opp i småting, men først og fremst dei store tala, sa Kåre Mentz Lysne (Ap), som også nemnde at eigedomsskatt for private kan vera noko ein må vurdera på nytt.

Fleire frå administrasjonen deltok også på møtet, og kommunalsjef for Helse og omsorg, Arne Johansen, minte om at ein må sjå på tilhøvet mellom investeringar og driftskostnader.

– Ein ting er å spara, men ein må også gjera dei rette investeringane så ein får teke ned drifta på sikt.

Politikarane bad såleis rådmann Alf Olsen jr. og administrasjonen snu alle steinar for å sjå kva moglegheitsrom som finst for å ta ned utgifter og auka inntekter. Vidare skal politikarane i løpet av november ta stilling til kva tiltak dei går for.

– Tyngre og tyngre for kvar gong

I tillegg har Lærdal kommune meldt inn ei sak for domstolane for å få ei avgjersle på kor vidt praksisen Østfold Energi nyttar med å føra rehabilitering av damanlegga som vedlikehald. Kommunen vil vita om dette er rett eller om desse kostnadane skal førast som investering.

Er svaret frå domstolane at rehabilitering skal førast som investering vil ikkje nedgangen i eigedomsskatt til kommunen frå kraftverka bli like stor så plutseleg. Dette vil også ha tilbakeverkande kraft slik at ein vil kunne få att noko i eigedomsskatt frå føregåande år.

– Korleis er det å skulle snu alle steinane enno ein gong, Alf Olsen?

– Det blir tyngre og tyngre for kvar gong. Men det finst verkemiddel som gir det me treng, så spørst det kva som er akseptabelt for politikarane. Me er i alle høve nøydde til å gjera noko som gir stor effekt og rask effekt.

Til toppen