FØREBELS OPNE: Fjellovergangane er førebels opne, men på Hemsedalsfjellet kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
FØREBELS OPNE: Fjellovergangane er førebels opne, men på Hemsedalsfjellet kan det bli innført kolonnekøyring på kort varsel. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Kan bli innført kolonne på kort varsel

Uvêret som er venta byrjar å gjera seg merkbart på fjellovergangane.

Årdal/Lærdal: Torsdag ettermiddag melder Statens vegvesen at det kan bli innført kolonnekøyring på Hemsedalsfjellet på kort varsel. I morgontimane i dag var det liten kuling og lette snøbyger.

Over Filefjell er vegen open, men her er det dårleg sikt enkelte stader. Tyin-Årdal er også open, og her vert det ikkje meldt om nokre problem i det heile.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland derimot er det innført kolonnekøyring mellom Nilsegard og Øyestøl på grunn av uvêr. 

Til toppen