KAN BLI STENGT: Dårleg vêr gjorde at Tyin-Årdal vart stengt natt til onsdag. Den er no opna, men kan bli stengt på kort varsel. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
KAN BLI STENGT: Dårleg vêr gjorde at Tyin-Årdal vart stengt natt til onsdag. Den er no opna, men kan bli stengt på kort varsel. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Kan bli stengt på kort varsel

Fylkesveg 53 er førebels open etter å ha vore stengt i natt på grunn av uvêr.

Årdal/Lærdal: Tyin-Årdal måtte stengjast i natt på grunn av uvêr, men opna att onsdag morgon. Fylkesvegen kan likevel bli stengt på kort varsel, skriv Statens vegvesen.

Mykje vind og snø gir dårleg sikt i fjellet, og på Hemsedalsfjellet var det kolonnekøyring onsdag morgon. Her er det no opna for normal trafikk etter opprydningsarbeid. 

På fylkesveg 50 Hol-Aurland er vegen stengt på grunn av eit snøras. Her var det kolonnekøyring, men ingen blei tekne av raset. Den einaste fjellovergangen mellom aust og vest utan nokon form for problem onsdag morgon er E16 Filefjell. 

Til toppen