VARSEL OM STREIK: Det er varsla plassoppseiing ved Aurland Energiverk og Lærdal Energi frå 07.00 fredag 30. september, fortel e-verksjefar Per Gullaksen og Helge Morten Vangen. Foto: Arne Veum.
VARSEL OM STREIK: Det er varsla plassoppseiing ved Aurland Energiverk og Lærdal Energi frå 07.00 fredag 30. september, fortel e-verksjefar Per Gullaksen og Helge Morten Vangen. Foto: Arne Veum.

Kan bli tekne ut i streik fredag

Det er varsla plassoppseiing ved Aurland Energiverk og Lærdal Energi frå 07.00 fredag 30. september. 

Aurland: Det opplyser dei to energiverka i ei pressemelding torsdag. Konflikten mellom arbeidsgjevarorganisasjonen KS Bedrift og fagforeiningane EL & IT Forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat, blir trappa opp fredag dersom det ikkje kjem ei løysing i løpet av dagen.

Det er 14 nye bedrifter som då vert tekne ut i streik, tre av desse ligg i Sogn. I tillegg til Lærdal Energi og Aurland Energiverk, vil også Luster Energiverk bli tatt ut i streik.

13 tilsette i streik

For Aurland og Lærdal vil til saman 13 tilsette streika frå fredag morgon. Helge Morten Vangen, ved Aurland Energiverk, seier at 70 prosent av dei tilsette hjå han vil då vere i streik. 

– Konflikten går på tal dagar avspasering i samband med vakt, fortel Vangen. 

Dette er tilsette innan administrasjon og montørar som jobbar ute i felten. 

– Me går no i konflikt for å halde på dei kviledagene me har i dag, og som våre kollegaer i energiselskapa i NHO for lengst har fått tariffesta. Det er totalt urimeleg at arbeidsgiver vil frata oss naudsynt kvile, sa Bjørn Fornes, forhandlingsleiar for EL og IT Forbundet, til NRK då dei første 16 energibedriftene vart tatt ut sist fredag. 

Forblir mørkt med mindre det er fare for liv og helse

I pressemeldinga frå dei to lokale energibedriftene i Sogn, fortel dei at dei vil gjere sitt yttarste for  å avgrensa verknadene ved driftsforstyrringar. 

– Viss me ikkje får feil, vil ikkje kundane merke noko. Me plar ikkje ha mykje feil, men ved dårleg vêr kan det oppstå, og då vil ikkje feilen bli retta med mindre det er fare for liv og helse eller større økonomiske konsekvensar for tredjepart, seier Vangen. 

– Det vil seia at viss ei hytta ein eller annan stad i vår område mistar straumen, så vil me rykka ut med vakt, men vakta vil berre sikre anlegget slik at det ikkje er fare for liv og helse. I verste fall blir dei straumlause til konflikten er over. 

Energiverka har utarbeida eigne beredskapsplanar for handtering av blant anna streikesituasjonar, og er godt rusta for å kunne handtera ein streik i selskapa. 

Jørgen Luggenes i Årdal Energi seier dei ikkje vert råka i denne omgangen, men trur at dersom det kjem ein ny runde, vil det også bli streik her. 

Til toppen