VERDSARV: Bilete syner Bakka og indre del av Nærøyfjorden i Aurland. Foto: Olav Terum
VERDSARV: Bilete syner Bakka og indre del av Nærøyfjorden i Aurland. Foto: Olav Terum

Kan du tenke deg å springe opp hit?

Rimstigen Opp, motbakkeløpet inst i Nærøyfjorden i Aurland går av stabelen laurdag 25. juli. 

Aurland: Det er no 10 år sidan Vestnorsk fjordlandskap vart innskrive på UNESCOs verdsarvliste. Motbakkeløpet frå Bakka til Rimstigen (725 moh) ligg midt i smørauga i den inste delen av Nærøyfjorden, skriv Olav Terum, Aurland IL i ei pressemelding. 

Arrangøren lovar snøfri løype langs god stig, og vonar særleg at turfolk tek turen til topps. Desse får oppleva idrett på høg nivå, og kan dessutan nyta noko  av det vakraste fjordlandskapet i Noreg har å by på. 

Av dei beste motbakkeløparane i Noreg stiller til start, med namn som Torbjørn Ludvigsen frå Bergen, som har lova å jakta på løyperekorden til Øystein Sylta som er på gode 25.00. Det blir lagt opp til eit eige felt for 13 og 14-åringane. Dei startar 10 minutt før resten av konkurranseløparane og det knyter seg ekstra spenning til om dei kjem seg først til topps. 
 
Starten er ved grendahuset på Bakka, og her det høve til påmelding for turgåarar frå klokka 09.30. Klasse 13-14 år startar klokka 12.20 og hovudfeltet ti minuttar seinare.

Til toppen