SØKJER SKODESPELARAR: Ola Moen treng skodespelarar frå Prdal og kringliggjande bygder når han i februar skal spela inn filmen om nundalsdrapet. Foto: Alice Asplund
SØKJER SKODESPELARAR: Ola Moen treng skodespelarar frå Prdal og kringliggjande bygder når han i februar skal spela inn filmen om nundalsdrapet. Foto: Alice Asplund

Kan du tenkja deg rolla som mordaren i filmen om nundalsdrapet?

Ola Moen er på jakt etter sogningar til rollane i filmprosjektet sitt

Årdal: – Eg vil ha folk med dialekt; årdøler, sogndøler, lærdøler, aurlendingar – ja, sogningar generelt, seier årdølen som no skal regissera film med handling og scener frå heimbygda.

Filmen tek for seg det såkalla nundalsdrapet frå 1817. Historia fortel at driftekaren Eirik Høyum var på veg frå Valdres til Luster med ein god slump pengar då han etter eit uheldig møte i Nundalen miste både pengane og livet.

Les også: Lagar film om Nundalsdrapet

Tyngre og lettare rollar

14. - 26. februar skal filminga gå føre seg i Nundalen og Årdal generelt. Noko skal også filmast på De Heibergske samlingar på Kaupanger. Til det trengst om lag tjue skodespelarar frå Sogn.

– Det er snakk om sju tyngre rollar, fem lettare rollar med noko dialog og sju-åtte statistar, seier Moen.

– Bør ein ha skodespelarerfaring eller ha stått på ei scene før?

– Om ein har det er det kjempeflott.

Moen har på plass ein skodespelar som skal spela rolla som etterforskaren Christian, men dei andre rollane treng han folk til.

Drapsmann, seriemordar og lik

Og det er snakk om svært så spennande rollar – den sjølverklærte lensmannen Halvor Skjold, som stort sett berre lagar trøbbel for nemnde Christian. Bygdas doktor Alfred Belling, som også er krigsveteran. Ole, som er uskuldig, men blir dødsdømt.

Eller du kan få verkeleg spenstige rollar som liket av den myrda, Erik Høyum. Eller seriemordaren Peder. Eller kva med sjølve hovuddrapsmannen, Botolf Nundal?

– Så det er mange spennande rollar. Me håpar å få til ein audition-prosess i framkant, seier Moen.

Han studerer siste året på Westerdals i Oslo, ein privat høgskule med retningar innan kunst, kommunikasjon og teknologi. Filmen skal òg vera bacheloroppgåva hans. 

– Det er veldig spennande å jobba med – og sosialt, ettersom ein snakkar mykje med mange. Historia blir meir og meir interessant di meir eg jobbar med dette. Og eg får vita nye detaljar om historia ettersom eg snakkar med folk.

– Stor interesse

Planen er å ha filmen ferdig til i mai. Moen håpar å få synt den på kinoen i Årdal og at den skal gå ein runde på festivalar før den kjem ut på nett.

Kanskje blir det også ein dokumentar om drapet med tid og stunder, men i første omgang er det altså spelefilmen som gjeld.  

– Veldig mange heime i Årdal engasjerer seg, ser det ut til. Responsen på Facebook er veldig god og folk kjem og spør om filmen på butikken, seier Moen.

Om du er interessert i ein av rollane kan du senda e-post til: onmfilm@gmail.com. Moen treng også bidrag på den økonomiske biten og har oppretta ei crowdsurfing-side den som vil kan koma med bidra på.

Her er rollane det trengst skodespelarar til:

Halvor Skjold 

  • Rolle: Bygdas sjølverklærte lensmann 
  • Alder: 25-40
  • Mørk 
  • Kraftig kroppsbygning 
  • Dialekt: Årdøl 
  • Dialog: Ja
  • Skildring av rollen: Halvor er sjølverklært lensmann i Nundalen og skapar trøbbel for Christian. I Halvors personlege jakt for å finna mordaren, avrettar han ein uskyldig mann. I hans forsøk på å gjera opp for seg, forårsakar han Bottolfs død. 

______________________________________________________

Bottolf Nundal

  • Alder: 25-35
  • Mørk
  • Tynn/slank kroppsbygning
  • Dialekt: Årdøl
  • Dialog: Ja
  • Skildring av rollen: Bottolf vil koma seg vekk frå Nundalen og ser ein moglegheit når Erik Høyum overnattar på garden hans. Erik bær på store verdiar, så Bottolf tar livet av Erik for pengane. Christian avslører han, og Bottolf prøver å flykta over fjellet.

______________________________________________________

Alfred Belling

  • Rolle: Bygdas doktor / krigsveteran
  • Alder: 40-50
  • Mørk
  • Kraftig/overvekt
  • Dialekt: Sogning
  • Dialog: Ja
  • Skildring av rollen: Alfred Belling er ein velutdanna og ressurssterk mann som spelar ei sentral rolle for Christian. Alfred er ein av dei få som står ved Christians side frå start til slutt.

______________________________________________________

Ole

  • Rolle: Uskuldig og tiltalt
  • Alder: 35-50
  • Blond
  • Tynn
  • Dialekt: Årdøl/sogning
  • Dialog: Ja
  • Skildring av rollen: Ole blir feilaktig utpeika som mordaren, og blir dødsdømt. Han var også vitne til drapet på Eirik Høyum.

______________________________________________________

Ane 

  • Alder: 40-50
  • Blond eller brunette
  • Normalt bygd
  • Dialekt: Årdøl/sogning
  • Dialog: Ja
  • Skildring av rollen: Ane passar på og steller bror sin, Ole. Ane har passa på han heile livet og bryr seg veldig om han. Ho har ingen andre, og tapet av Ole går sterkt inn på Ane.

______________________________________________________

Peder

  • Rolle: Seriemordar
  • Alder: 25-35
  • Blond
  • Tynn/normal
  • Dialog: Nei
  • Skildring av rollen: Peder er ein karakter frå Christian si fortid og er rein ondskap. Peder slit psykisk og lir av ei rekkje mentale forstyrrelsar. Peder er viktig i Christians fortid og gjennom filmen vil historien bli avslørt i små delar.

______________________________________________________

Erik Høyum

  • Rolle: Lik
  • Alder: 25-35
  • Blond 
  • Normal
  • Dialog: Nei
  • Skildring av rollen: Erik Høyum er drepen av Bottolf Nundal.  Ein trengst til å spela "Lik"

______________________________________________________

Båtmann 1

  • Alder: 20-50
  • Dialog: Ja
  • Dialekt: Sogning
  • Beskrivelse av rollen: 
  • Ror Christian over innsjøen og snakkar om en tidligare sak Christian hadde.
  • Båtmann 2
  • Alder: 20-50
  • Dialog: Ja
  • Dialekt: Sogning
  • Skildring av rollen: Ror Christian over innsjøen og snakkar om en tidligare sak Christian hadde.

______________________________________________________

Kari

  • Rolle: Husmor hjå Alfred.
  • Alder: 30-45
  • Blond
  • Normal
  • Dialog: Nei
  • Skildring av rollen: Kari er kona til Alfred og jobbar hardt i heimen, støttar mannen sin i alt og held seg for det meste i bakgrunnen.

______________________________________________________

2-3 Halvors hjelpemenn

  • Alder: 25-50
  • Kraftig bygd
  • Dialog: Nei
  • Skildring av rollen: Fungerer som Halvors nikkedokker,  utan å stilla spørsmål. Lyder kvart ord han seier.

______________________________________________________

6-8 statistar

  • Alder: 14-50
  • Dialog: Moglegheit for korte linjer.
  • Treng folk til å fylla bakgrunnen og for å skapa liv i bileta.
Til toppen