ROMSLEGARE?: Dersom vedtaket frå Sentralskattekontoret blir ståande får politikarane i Lærdal noko meir spelerom. Arkivfoto
ROMSLEGARE?: Dersom vedtaket frå Sentralskattekontoret blir ståande får politikarane i Lærdal noko meir spelerom. Arkivfoto

Kan få millionar ekstra å rutta med

Endelege gode nyhende på økonomifronten for Lærdal kommune; eit vedtak frå Sentralskattekontoret gir ein monaleg auke i inntekter på eigedomsskatt, dersom vedtaket blir ståande.

Lærdal: – Me har har hatt ei sak inne hjå Sentralskattekonteret der me har stilt spørsmål ved måten utgiftene til damrehabilitering er ført på. Kommunen tapar på prakisen som har vore nytta og me ville prøva denne saka. Det kunne vera ført rett eller feil. No har me fått eit vedtak som gir oss delvis medhald, seier rådmann Alf Olsen jr.

Poenget er at Østfold Energi har ført utgiftene til det pålagte arbeidet med å rehabilitera damanlegga på ein måte så totalutgiftene har vorte aktivert på ei gong slik at skattegrunnlaget blir lågast mogleg.

Les også: Lærdal kommune varslar søksmål

Fire millionar gjennom tilbakeverkande kraft

HÅPAR: Rådmann Alf Olsen jr. håpar vedtaket som gir meir i eigedomsskatt for Lærdal kommune og fleire andre kommunar blir ståande. Arkivfoto
HÅPAR: Rådmann Alf Olsen jr. håpar vedtaket som gir meir i eigedomsskatt for Lærdal kommune og fleire andre kommunar blir ståande. Arkivfoto

Kommunen har gjennom saka spurt om dette er rett ført i høve regelverket, og har fått medhald frå Sentralskattekontoret om at  det ikkje er det.

Vedtaket har også tilbakeverkande kraft, noko som tyder eit ekstra grunnlag for eigedomsskatt på 281 millionar kroner i 2013 og 295 millionar kroner for 2014.

Kommunen skal ha inn sju promille av desse summane, noko som gir om lag to millionar kroner ekstra for eigedomsskatteåra 2015 og 2016, altså fire millionar kroner til saman.

– Bør ikkje byrja å bruka av midlane

Men, det finst eit «men», forklarar rådmann Olsen: 

– Østfold Energi kan anka, og det er det ikkje usannsyleg at dei gjer. Dette er ei sak av prinsipiell karakter og får innverknad for mange andre kommunar og energiverk.

Ettersom endeleg avgjerd i denne saka får ein del å seia for kva ein kan venta av eigedomsskatt både for komande år, pluss altså om ein får att for føregåande år, vil ikkje Olsen jubla heilt enno.

– Dette er gode nyhende, men ikkje sikkert at går endeleg gjennom. Så ein bør i alle fall ikkje byrja å bruka av desse midlane før endeleg avgjersle er klar. 

Østfold Energi: – Rettssak må påreknast

Kommunikasjonsrådgjevar Glenn Lund i Østfold Energi strekar under at dette først og fremst er ei sak mellom kraftselskapa og Sentralskattekontoret for Storbedrifter (SfS). Vidare at dette er eit prinsipielt spørsmål om norske kraftselskap skal ha skattefrådrag for milliardkostnader knytt til myndigheitspålagde damforsterkningar utan framtidig verdi for selskapa.

– Lærdal kommune er ikkje direkte part i saka, men har reist søksmål mot SfS i saka og vedtaket frå SfS har indirekte ein viss positiv verknad for Lærdal kommune og andre norske vertskommunar sitt eigedomsskattegrunnlag, seier Lund.

Han varslar at anke frå deira side er svært sannsynleg:

– Det pågår liknande saker mellom SfS og fleire norske kraftselskap, og sakene har pågått over fleire år. Det må difor påreknast at det prinsipielle spørsmålet vil finna si endelege løysing i rettsapparatet. Selskapet har frist til midten av mars til å ta stilling til vedtaket, men ettersom dette er ei prinsipiell sak av stor økonomisk verdi for bransjen, er det svært sannsynlig at selskapet vil påklaga vedtaket som er fatta.

 

Til toppen