AUKSJON. Eit av høgdepunkta under Fjord til Fjell er ein auksjon, der ein verkeleg kan gjere eit kupp. Alf Roger Lereng og Indre Sogn Bil auksjonerer vekk denne bilen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
AUKSJON. Eit av høgdepunkta under Fjord til Fjell er ein auksjon, der ein verkeleg kan gjere eit kupp. Alf Roger Lereng og Indre Sogn Bil auksjonerer vekk denne bilen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Kan gjera sitt beste bilkjøp

Slik blir Fjord til Fjell-dagane i Årdal.

Årdal: Feite bilar, motorar i sving, konsert, tivoli, god mat og drikke. Det er noko for ein kvar smak når Fjord til Fjell vert arrangert for 23. gong denne helga på Årdalstangen.

Eit av høgdepunkta vert auksjonen fredag ettermiddag. Stortilbodet her er ein veldig sprek bil som Indre Sogn Bil auksjonerer vekk. Alf Roger Lereng er ikkje i tvil om at her kan ein gjere sitt livs kjøp.

– Det var veldig moro med slike auksjonar for fem-ti år sidan, så me har plukka ut ein bil for å blåsa litt liv han att. Den som vil ha seg ein sprek bil, som ikkje er heilt lik andre, kan gjera sitt beste bilkjøp ever, smiler han.

– Dette er Peugeot si gjenoppliving av ein GT. Han har 205 hestar og inneheld råe GTI-funksjonar med all slags måleinstrument. 

Ein tradisjon

Fjord til Fjell har blitt ein flott tradisjon i Årdal med Årdalstangen Idrettslag som ein viktig pådrivar. 

Artikkelen held fram under biletet.

MOTORSPRENGING: Kva skjer når ein sprenger ein bilmotor? Det kan du oppleve under Fjord til Fjell. Arkiv
MOTORSPRENGING: Kva skjer når ein sprenger ein bilmotor? Det kan du oppleve under Fjord til Fjell. Arkiv

– Det er eit variert og innhaldsrikt program. Det er ulike typar aktivitetar, og det er flott at det skjer noko på Årdalstangen med aktivitet i sentrum. Dette kan vera ein møteplass i helga, så me håpar årdølene og tilreisande tykkjer det er kjekt og vil koma ein tur, seier Anne Kauppi i ÅTIL. 

Forutan tivoli, sjømatbuffet og underhaldning på kveldstid med bandet Folk flest og eit lokalt Santana-prosjekt, så skal det mellom anna sprengast ein motor. Der kjem Amcar-gjengen på bana.

– Me har samarbeidd med dei for å få større breidde. Det var ein suksess i fjor, så det følgjer me opp i år, seier Kauppi.

Artikkelen held fram under biletet.

POPULÆRT: Det er mange som tar turen innom arrangementet i løpet av helga. Arkiv
POPULÆRT: Det er mange som tar turen innom arrangementet i løpet av helga. Arkiv

Voldsomme krefter

Ein kan også oppleve kva krefter som er i sving i ein snøfres som held fylkesveg 53 snøfri om vinteren. 

– Me har tenkt å reise til fjells og hente snø som me skal tippe på kaien. Då får folk sjå ein V8-ar 18 liter Scania-motor i aksjon. Det er ufattelege snømengder som går på kort tid, så det blir moro, fortel Anne Katrin Hæreid.

Håpar på mykje folk

Arrangementet betyr mykje for idrettslaget, og med vêrmeldingar som lokkar med sol, ligg det an til å bli eit godt arrangement.

– Dette er ein aktivitet som medlemmane er med på å skapa, noko eg trur er viktig. Då blir ein kjend med identiteten til idrettslaget. Det er blitt ein tradisjon i Årdal, og eg håpar folk møter opp og viser at dei set pris på arrangementet, seier Kauppi.

Til toppen