HISTORISK: Salsansvarleg i Agnitio, Geir Smedegård, har god grunn til å smile. I mars leverte selskapet ei historisk god omsetning. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HISTORISK: Salsansvarleg i Agnitio, Geir Smedegård, har god grunn til å smile. I mars leverte selskapet ei historisk god omsetning. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kan glise for ein historisk bra mars månad

Dataselskapet Agnitio omsette for 10 millionar kroner i mars. Det er det same som dei omsette for det første året etter at dei blei etablert i 2001.

Årdal: – Så det har gått framover, smiler Geir Smedegård, som er salsansvarleg og medeigar i Agnitio.

Bedrifta, som har kontor i Årdal og Florø, har fått i hamn fleire kontraktar på same tid, der den største er ein leveranse til IKT Valdres som utgjer nesten halvparten av førre månads omsetning. Til vanleg ligg den på like under 3 millionar i månaden. 

– Samstundes har me jobba lenge for å få dette til. Me har også ein del andre prospekt på gang som også kan bidra på omsetninga, noko eg håpar me får til, seier Smedegård.

Hjelp frå jungeltelegrafen

Det betyr at dersom Agnitio leverer eit normalår resten av året, så vil dei kome tett opp mot eller passere 40 millionar i omsetning for første gang i selskapet si i historie. I 2015 passerte dei 30 millionar for første gang. I fjor låg dei på rundt 31 millionar. 

– Korleis har de lykkast med å byggje dykk opp slik?

– Det byrja med eit datavarehus som hadde spesialisert seg på ein software og trengte ein partner. Der var det nokre relasjonar, og slik fekk me inn første kunden. Sidan då vil eg nesten påstå at det har gått på folkemunne, der me har blitt anbefalt vidare, så det er tydeleg at me har gjort noko riktig, svarar han.

Store kundar

Databedrifta har tre fokusområde. Det eine er datasenteret der dei «hostar» kundar frå heile Sør-Noreg. Det andre er det dei leverer av service og tryggleikssystem og det siste er software. 

Kundane inkluderer store bedrifter som er landsomfattande.

– Der vann me fram i anbod mot andre store konkurrentar, og det gjorde me på grunn av løysing og kompetanse, seier Smedegård. 

Trur på vekst

I dag har Agnitio 13 tilsette, og som firmanamnet tilseier er dette snakk om kompetansearbeidsplassar (Agnitio er latinsk for kunnskap). Held det fram slik, er det ikkje usannsynleg med ytterlegare vekst.

– Ja, det er klart at dette kan gi vekst. Det er naturleg. Me håpar sjølvsagt me skal klara å veksa i omsetnad med dei folka me har no, men får me inn litt fleire store kundar, ser me føre oss ein vekst. Me har mellom anna ein del trøkk mot Sunnfjord no.

Til toppen