
Sogndal: Tidlegare i dag kunne Kjetil Hilleren i Sogndal Røde Kors hjelpekorps opplyse til Porten.no at dei førebudde ei gruppe som skulle reisa til Togga.
Det var litt før klokka halv eitt at politiet fekk melding frå ein innringjar om mogleg snøskred. Innringjaren hadde ikkje sett skredet, men høyrt det.
I følgje skiinfo.no er Togga eit populært mål for enkle toppturar vinterstid, men skriv òg at fjellet er utsett for skred, særleg på austsida.
Klokka 14.49 melde politiet at dei hadde kontroll på alle som disponerte dei ni bilane som stod på parkeringa ved Togga. Ingen hadde sett noko snøskred, men fleire hadde høyrt det som kan ha vore eit.
Ein halvtime seinare opplyste politiet at redningsaksjonen er avslutta. Noko konkret skredområde er ikkje funne. Ingen personar er sakna.