REKORD: Fabrikksjef ved Norsun, Steinar Talle, kan smile etter at fabrikken sette ny produksjonsrekord i waferproduksjonen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
REKORD: Fabrikksjef ved Norsun, Steinar Talle, kan smile etter at fabrikken sette ny produksjonsrekord i waferproduksjonen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Arkiv/Truls Grane Sylvarnes)

Kan jubla for ny produksjonsrekord

– Me byrjar å bli vande til det, smiler Steinar Talle.

Årdal: Fabrikksjefen fortel at Norsun produserte 1,7 millionar waferar i førre veke. Det er ny produksjonsrekord. Tidlegare har fabrikken lege på rundt 1,6 millionar i veka.

– Denne produksjonsrekorden sette me i wafer, som er ein av tre hovudavdelingar. Dei set rekordar i alle avdelingar, men denne gongen er det i sluttavdelinga før kundeleveranse. Me er godt nøgde og byrjar å bli vande til det fordi det skjer ofte, så eg må seia godt jobba til dei tilsette, seier Talle.

Han forklarar at dei har jobba mykje med forbetringar og såkalal lean-tankegang, og at dei har hatt eit tett samarbeid mellom teama i avdelingane. 

– Me har mellom anna fått montert ein ny robot som har gitt bra effekt, men hovudårsaka er dei tilsette.

Større etterspurnad

Tysdag kveld fekk Talle sjansen til å presentere bedrifta då Årdal Næringssamskipnad hadde årsmøte. Her fortalte han at wafer blir meir og meir viktig som produkt og at for tida er etterspurnaden hjå kundane større enn det fabrikken klarer å produsere.

– Det er jo den beste situasjonen me kan vere i. Me meiner me er i ein bra bransje og at verda treng fornybar energi, seier han.

På god veg

I fjor leverte Norsun eit positivt resultat for første gong i selskapets historie. Kvar dag vert det jobba med å tiltak som kan spare pengar. Sidan dette er ein relativt fersk bransje, blir også mykje av teknologiutviklinga utført på huset. 

– Eg har gått ut og sagt at me hadde eit godt resultat i fjor og at me vil ha eit endå betre i år. Det ser bra ut førebels etter to månader, smiler han. 

Nyleg beslutta styret i selskapet å investere 70 millionar i ny sagteknologi på fabrikken i Årdal. Det er heller ingen løyndom at ei utviding er noko som har blitt diskutert.

– Men me må først syna styret kor dyktig me er før ein får endå meir. Det trur eg at me er på veg til. 

Til toppen