ÅTIL/Jotun – Fyllingen: 11 – 26
ÅTIL/Jotun – Viking: 6 – 30
ÅTIL/Jotun – Gloppen: 11 - 17
Årdal/Førde: Laurdag var det eit forventningsfullt lag, som sette kursen mot Førde for å spele om den gjeve tittelen regionmeister. Etter tap i alle tre kampane enda dei på ein fjerde plass.
ÅTIL/Jotun gutane er likevel komne langt, med tanke på at ingen av dei spelte handball i fjor.
- Les også: Kjempar om å bli regionmeister
Tross tap er trenar Olafur Sveinsson stolt over laget sitt.
- Laget har utvikla seg og eg ser forandringar. Det var forsvaret som fungerte best i dag. Me har mange kjappe spelarar på laget, seier Sveinsson
Gode motstandarlag
- Motstandarlaga spela strukturert, rutinert og taktisk. Alle laga me spela mot har fleire treningar i veka enn oss, fortel Sveinsson
Han legg til at ein må trene meir for å bli betre.
- Me har berre 2 økter i veka og me burde hatt fleire for å hevde oss.
Sveinsson er likevel nøgd med at gutane fekk smaka på å prøve seg blant dei beste. Det synes han er veldig positivt.
I kampen mot Gloppen leda ÅTIL/Jotun 8 – 4 til pause, men i andre omgang tok kreftene slutt. Denne kampen enda med eit 11 – 17 tap.
Sveinsson vil skryte av både laget og heiagjengen. Det var mange som hadde tatt turen til Førde for å heie fram laget laurdag.
- Alt i alt så er eg nøgd. Me har hatt ein veldig bra sesong.