STØRRE RISIKO: Allereie måndag neste veka kan det kome eit vedtak i dispensasjonssøknaden til Høgeloft om brakkeriggen på Borgund. Jan Geir Solheim (t.v.) meiner dei tar ein større risiko no som dei satsar på å få til ein direktekjøpsavtale med UDI, men seier at verken han eller Trond Øyen Einemo (t.h.), som også er medeigar i selskapet, har pressa på verken administrativt eller politisk. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
STØRRE RISIKO: Allereie måndag neste veka kan det kome eit vedtak i dispensasjonssøknaden til Høgeloft om brakkeriggen på Borgund. Jan Geir Solheim (t.v.) meiner dei tar ein større risiko no som dei satsar på å få til ein direktekjøpsavtale med UDI, men seier at verken han eller Trond Øyen Einemo (t.h.), som også er medeigar i selskapet, har pressa på verken administrativt eller politisk. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 

Kan kome ei avklaring rundt brakkeriggen neste veka

Allereie måndag kan det bli klart om Høgeloft får setja opp ein brakkerigg som skal nyttast til asylmottak eller ikkje. 

Borgund: På grunn av tidspress når det gjeld flytting av riggen har Høgeloft søkt om dispensasjon frå reguleringsplanen på bruksføremål på parkeringsarealet. 

Dette er saker som formannskapet i Lærdal avgjer, og dersom sakshandsaminga vert avslutta onsdag denne veka, slik det er blitt antyda, kan det bli ekstraordinært formannskapsmøte komande måndag med befaring og vedtak.

Sidan selskapet ikkje rakk anbudsrunden for drift av mottak for einslege mindreårige før jul, der det var mogleg å få til drift i tre pluss tre år, går dei no for eit direktekjøp på seks pluss tre pluss tre månader.

Større risiko

Dette er direktekjøp som staten via Utlendingsdirektoratet (UDI) kan gjere, men på grunn av statens innkjøpsreglar og sidan det ikkje er anbudsrunde, kan dei ikkje kjøpe plassar for meir enn seks månader. 

– Me tar ein større risiko, men me ser at grunnlaget er der, så me går på, seier Jan Geir Solheim, som har fått kritikk for sin dobbeltrolle som både medeigar av Høgeloft og ordførar i Lærdal kommune.

Artikkelen held fram under biletet.

FRAMTREDANDE: Bygget vil vera fremtredande i sentrum av Borgund. Planen er å plassere det bak Postaabneriet Café og pub. Teikning: Høgeloft AS. 
FRAMTREDANDE: Bygget vil vera fremtredande i sentrum av Borgund. Planen er å plassere det bak Postaabneriet Café og pub. Teikning: Høgeloft AS. 

Risikoen Solheim peikar på er fleire. For det første er det ikkje sikkert det blir gitt dispensasjon. Og skulle det bli eit positivt vedtak i formannskapet, er det ikkje spikra at det blir asylmottak. Då må UDI gå med på eit direktekjøp. Og sidan dette berre vil gjelde for seks månader, er det også ein økonomisk risiko. 

Sjølv om det er lagt opp til 60 plassar, vil Høgeloft berre kunne tilby 40 på seks månader. Staten betalar 19 000 kroner per plass, noko som vil gi inntekter på 4,5 millionar kroner. Solheim fortel at det er investert 7,5 millionar kroner i prosjektet.

– Så viss folk framleis meiner at dette er ei slags baronverksemd der me skal tene store pengar, så kan dei ikkje rekne, er beskjeden frå ordføraren.

Skal finne løysingar på kritikken

Etter to rundar med nabovarsel har det kome inn fleire merknader til saka, som Porten.no har skrive meir om her. Her blir det peikt på parkering, tilkomst, og ikkje minst den raske handsaminga av saka.

– Tilkomst er løyst, og parkering løyser me. Og så var det nokre som kom med innspel om at bygget er høgt, så tok me omsyn til det og lagar til flatt tak, slik at det ikkje blir like ruvande, seier Solheim. 

Artikkelen held fram under biletet.

LØYSING: Av teikninga kan ein sjå korleis Høgeloft har tenkt å løyse problema med tilkomst og parkering, som naboar har kome med innspel på. Teikning: Høgeloft AS. 
LØYSING: Av teikninga kan ein sjå korleis Høgeloft har tenkt å løyse problema med tilkomst og parkering, som naboar har kome med innspel på. Teikning: Høgeloft AS. 

Parkering er tenkt løyst på tre område. Mellom riggen og gamle E16 er det rom for minst ti plassar. Ved Postaabneriet er planlagt fire plassar, og ved bygging av ny snuplass for buss, som kommunen planlegger, er det rom for ytterlegare 25-30 parkeringsplassar, skriv Høgeloft i byggesøknaden sin. 

– Har halde fingrane av fatet

Og når det gjeld den raske handsaminga:

– No er det slik at situasjonen rundt flyktningar var det ingen som kunne planlegge. Difor har staten laga nye regelverk for handsaming av saker rundt bygg og opna for enklare og raskare sakshandsaming enn før. Slik er lova, og ho er forandra fordi me har menneske som bur under uakseptable forhold. Det er det eit slikt mottak i Borgund kan avhjelpe med for inntil 60 born.

Solheim legg til at verken han eller Trond Øyen Einemo, som er vara-ordførar og også medeigar i Høgeloft, har pressa på eller brukt feil hatt. 

– Me har halde fingrane av fatet og har ikkje snakka med nokon i administrasjonen eller i politikken. 

Dersom det får på plass ein direktekjøpsavtale, vil trinn éin av bygginga vere opna rundt 1. april med plass til 35-40 born. Trinn to med utviding til 60 plassar skal stå ferdig i løpet av mai, er planen. 

Til toppen