BEKYMRA: Linda Natvik er redd det blir ubebueleg i den vestre delen av Håbakken dersom det kjem ein pelletsfabrikk i området ved skogholtet i bakkant. Ho og familien hennar meiner informasjonen om ståa for prosjektet har vore mangelfull og kome for seint. Foto: Ole Ramshus Sælthun
BEKYMRA: Linda Natvik er redd det blir ubebueleg i den vestre delen av Håbakken dersom det kjem ein pelletsfabrikk i området ved skogholtet i bakkant. Ho og familien hennar meiner informasjonen om ståa for prosjektet har vore mangelfull og kome for seint. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Kan me bu her i framtida?

Linda Natvik er redd støy og stank vil gjera det ubebueleg for henne og familien i Håbakken. Ho er svært kritisk til informasjonsflyten rundt pelletsfabrikken som kan koma i Håbakken.

Lærdal: – Kvar skal me gjera av oss om det ikkje kjem til å gå an å bu her? spør Linda Natvik.

Ho har mange spørsmål. Fordi ho meiner informasjonsflyten rundt pelletsfabrikken Simas planlegg å etablera - kanskje på det nye næringsarealet i Håbakken - har vore under ein kvar kritikk.

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

– Det er heilt i orden at dei ønskjer eit næringsareael her, Håbakken er trass alt eit knutepunkt, seier Natvik.

– Blankt nei

Men kva dette kan få av konsekvensar for dei som bur i området, har dei fått lite informasjon om, i følgje Natvik. Ho og naboane vart presenterte planane om eit næringsareal for litt over eitt år sidan. Kva dette innbefatta visste dei ikkje då. Men dei retta følgjande førespurnad til kommunen:

– Kunne me kjøpast ut om det vart så gale at det ikkje gjekk an å bu her? Me fekk blankt nei.

Les også: – Naboane skal vera skadelause

Det var då klart at kommunen ville gjera om nabogarden til næringsareal. Både familien til Natvik og eigaren av nabogarden påklaga dette. Fylkesmannen svarde at nabogarden ikkje skulle omregulerast før det allereie eksisterande næringsarealet på Håbakken lenger aust var ferdigstilt.

Så vart det rimeleg stille. I april føretok arkeologar undersøkingar i området.

– Det vart sagt dei hadde funne noko, og me tenkte at planane kanskje ikkje vart noko av. Dessutan visste me altså at Fylkesmannen hadde sagt kommunen måtte bli ferdige med det første næringsarealet før dei byrjar på neste, og dei er på langt nær ferdige. Difor torde me å kjøpa eit nabohus som låg ute for sal. Dette har me pussa opp med tanke på utleige. 

Støynivå

Men så kom det innkalling til nytt møte. Mannen hennar var på dette 15.august. Natvik fortel møteinnkallinga var svært knapp på info rundt kva dette eigentleg dreia seg om og kven som skulle informera. I løpet av møtet vart dei noko klokare:

– Det vart presentert at Simas skulle byggja ein pelletsfabrikk her, at det ville bli fabrikkdrift her frå klokka sju om morgonen til elleve om kvelden på kvardagane og trailertrafikk sju dagar i veka.

Dette reiste ein del spørsmål. Mellom anna korleis støynivået ville bli frå klokka sju om morgonen til elleve om kvelden. 

– Me har fått beskjed frå sakshandsamar på rådhuset at det vil bli mykje støy, men aldri noko papir på kor mykje det faktisk er snakk om. Det me fekk var ein presentasjon som seier litt om kva som skal produserast, kor mange arbeidsplassar det vil bli, og liknande. Men ingenting om det me faktisk lurer på - støynivå, nøyaktig plassering, slike ting.

Les også: Dette er støygrensene

– Alt er jo bortkasta

I etterkant av fellesmøtet for alle berørde naboar 15.august fekk alle tilbod om ein halvtime kvar for seg der dei kunne stilla spørsmål om planane. Natvik fortel dei føler innvendingane mannen hennar kom med vart sopt under eit teppe:  

– I referatet frå denne halvtimen stod det at me hadde "Ingen utfordringar" med at Simas planlagde å etablera pelletsfabrikk. Mannen min tok opp fleire ting me tykkjer er problematisk.

Men etter informasjonen som har kome siste månaden teiknar biletet seg heilt annleis. 

– No høyrest det ut som det nesten berre er å setja spaden i jorda. Hadde me fått signal om at det var så nært føreståande som det no verkar til, ville me jo aldri ha kjøpt huset ved sidan av. Me har brukt så mykje tid på det. Til kva? Alt er jo bortkasta.

Artikkelen held fram under biletet

BORTKASTA: Familien til Natvik kjøpte dette huset i juni fordi dei følte signala då var at tidsperspektivet for drift på det nye næringsarealet låg langt fram i tid. – No høyrest det jo ut som det nærast berre er å setja spaden i jorda, seier Linda Natvik etter møtet som fann stad to månader seinare.
BORTKASTA: Familien til Natvik kjøpte dette huset i juni fordi dei følte signala då var at tidsperspektivet for drift på det nye næringsarealet låg langt fram i tid. – No høyrest det jo ut som det nærast berre er å setja spaden i jorda, seier Linda Natvik etter møtet som fann stad to månader seinare.

– Kva skal advokaten jobba med?

Familien har også vorte råda til å engasjera advokat i saka.

– Kva skal advokaten jobba med, då - når informasjonen er så mangelfull? spør Natvik.

Då Porten først fortalde om planane Simas har for fabrikken - som altså kanskje skal liggja på Håbakken - uttalte dagleg leiar i Simas, Hallvard Thomassen, følgjande:

– Det stemmer at me ser på ei etablering av trepelletsfabrikk og energiproduksjon på avfall og trevirke.

– Avfall? Det har dei ikkje informert om. Avfall må jo bety ein fæla stank også, då. Det har vore snakk om tømmer og at dette skulle bli luktfritt. Det verkar som veldig mykje skjer bak lukka dører her. 

Natvik føler i det heile busituasjonen for familien hennar er i det blå.

– Kvar skal me gjera av oss? Me har to hestar, dei er familiemedlemmar. Det er ikkje mange plassar å bu i Lærdal, i alle fall ikkje med to hestar.

Til toppen