Frå venstre Arve Varden, adm.dir. Helse Førde, innovasjonsprisvinnar Christian Moltu og fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem.
Frå venstre Arve Varden, adm.dir. Helse Førde, innovasjonsprisvinnar Christian Moltu og fagdirektør i Helse Vest, Baard-Christian Schem. (Foto: Silje Katrine Robinson)

Kan observere pasientar betre over tid

Christian Moltu i Helse Førde fekk pris for eit digitalt system som skal hjelpe pasientane til å medverke meir aktivt i behandlinga.

Førde: På den årlege forskingskonferansen til Helse Vest fekk psykologispesialist Christian Moltu innovasjonsprisen, skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Den fekk han for det digitale systemet Norse Feedback.

– Systemet vi har utvikla skal hjelpe pasientane til å medverke meir aktivt i behandlinga, og hjelpe klinikarane når dei skal snakke med pasientane, sa Moltu i pressemeldinga.

Innovasjonsprisen var på 100.000 kroner, saman med eit kunstverk og blomar.

– Vi har ei kjempelang liste over prosjekt vi ønskjer å gå vidare med, og prispengane vil gå med på å finansiere utviklinga, sa Moltu.

Merksemda vekk frå kvardagen og mot dei

Christian Moltu er psykologspesialist og til dagleg fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet.

Norse Feedback er eit aktivt lærande digitalt klinisk system, der pasientar melder frå om korleis dei har det, før dei skal til behandling. Behandlaren og pasienten får tilgang på avansert informasjon om mønster i tilstanden til pasienten, står det i pressemeldinga.

– Pasientane er begeistra over at dei kan reflektere over seg sjølv. Merksemda blir retta mot dei, og vekk frå kvardagen, sa Moltu.

Juryen sin dom

I grunngjevinga til juryen på kvifor Moltu fekk prisen står det blant anna at utviklinga hos den enkelte pasient kan monitorerast meir presist over tid, og tenesta blir meir persontilpassa. Og at Norse Feedback har utvikla seg til å bli eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning.

Systemet er i bruk eller blir pilotert ulike stader i Noreg og sju klinikkar i England tek systemet i bruk i 2019, skriv Helse Førde i pressemeldinga.

Til toppen