BRANNFAKKEL: – Eg veit at å legge ned Ljøsne skule er ein brannfakkel, men me er nøyd å ta diskusjonen og å finna ei løysing, seier Alf Olsen jr., rådmann i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen
BRANNFAKKEL: – Eg veit at å legge ned Ljøsne skule er ein brannfakkel, men me er nøyd å ta diskusjonen og å finna ei løysing, seier Alf Olsen jr., rådmann i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen

Kan sjå mørkt ut for Ljøsne skule, om ein skal bu seg på eldrebølga

– Kva me vel å gjera med Ljøsne skule, legg føringar for vår evne å møta eldrebølga. Landar me den diskusjonen, er mykje gjort for kommuneøkonomien, seier rådmann Alf Olsen jr.

Lærdal: Lærdal kommune står framfor tøffe val for å betra økonomien. 

– Me maktar ikkje slike rundar kvart år, difor må me tenka langsiktig for å finna dei beste løysingane. Me må gjera noko drastisk og må rekne med å miste medarbeidarar og kanskje spesielt på leiarsida, seier rådmann Alf Olsen jr.

Måndag ettermiddag var det møte i styringsgruppa for sunn kommuneøkonomi, som består av hovudtillitsvalde og folkevalde. Der vart tiltakslista med kuttforslag som vart lagt fram i sist formannskap for ei veke sidan, supplert med fleire tal og tiltak. For at fylkesmannen skal godkjenne økonomi og handlingsplan for 2016 til 2019, må Lærdal kommune redusere driftskostnadar for å kome i balanse etter svekka inntekter frå kraft og skatt. Kommunen manglar no kring 7.5 millionar for å kome ned på ramma for 2016, medan kring 14.5 millionar fram til 2019.

Les også: Så langt har dei kome med kuttlista

SATT LANGT INNE: Rådmann Alf Olsen jr. etterlyste fleire gonger synspunkt og meiningar frå politikarane. Gro Starheimsæter (Sp) (f.v), Gunn Beate Sjøthun (Sp), fungerande ordførar Trond Øyen Einemo (H) og Kåre Mentz Lysne (Ap).
SATT LANGT INNE: Rådmann Alf Olsen jr. etterlyste fleire gonger synspunkt og meiningar frå politikarane. Gro Starheimsæter (Sp) (f.v), Gunn Beate Sjøthun (Sp), fungerande ordførar Trond Øyen Einemo (H) og Kåre Mentz Lysne (Ap).

Omsorg og oppvekst utsett

I sist innsparingsrunde vart det alt redusert 19 årsverk i hovudsak i oppvekst, og kommuneøkonomien vart høvla ned til beinet. Difor er ein no nøyd å gå over på strukturar, då det er der det er store pengar å hente, forklarar rådmannen. 

I eit tiårsperspektiv er ein nøyd å få på plass fleire sjukeheimsplassar, for å møta eldrebølga. Difor er det naudsynt at kommunen no tek investeringa med å få på plass omsorgsbustader. Innanfor oppvekst syner Olsen jr. til fallande fødselstal, som virkar inn på prognosen for elevtalsframskiving. Mellom anna er det berre ein graviditet som er meld inn for 2016. Og sjølv om talet på barn kan vekse gjennom flyktningar, ligg det alt inne i prognosane frå SSB om høg vekst. 

– På eine sida aukar tenestebehovet i omsorg, medan på den andre sida blir tenestebehovet redusert på oppvekst. Me er nøyd å vri pengebruken for å fange dette opp, seier Olsen jr. 

Kjem ikkje utanom diskusjonen om nedlegging

Rådmannen peikar på at ein er nøyd å gjere noko med Ljøsne skule, med tanke på vedlikehald og arbeidsforhold. Ei opprusting av skulen vil ha ein prislapp på 30 millionar. Det er pengar kommunen må låna, noko som vil auka driftsbudsjettet.

– Det er avgjerande at me skaffar oss handlingsrom. Om me legg ned Ljøsne skule vil det redusere driftskostnadar med 5.2 millionar. Differansen mellom å halde fram som no og legge ned skulen er 7 millionar. Dette er ei stort grep, men som har virkning på kommuneøkonomien. Om nedlegging blir vedteken i første halvår av 2016, kan dette ha virkning alt frå neste år, sjølv om det kan vera litt optimistisk, seier Olsen jr. 

Rådmannen er klar på at kva politikarane vel å gjera med Ljøsne skule, legg føringar for evna til å møte eldrebølga på og for å løysa dei andre kommunale oppgåvene. Om ein vel å ruste opp skulen, meiner rådmannen det er mest rimeleg at innsparingstiltaket kjem på eininga for oppvekst, elles vil det gå ut over andre tenester. 

– Landar me denne diskusjonen, legg dei andre premissa seg raskt rundt det. Det er viktig å ta bråket no slik stoda er og å visa handlekraft, seier Olsen jr. 

Etterlyste politiske signal om løysingar

Fleire gonger i løpet av møtet var rådmannens spørsmål om politiske signal og kompromiss møtt med stillheit, så spørsmål som drog fokus bort frå dei store grepa. 

– Om det er ingen som vil seie noko, får eg seie det eg har meint sidan eg kom til Lærdal. De kan ikkje seie at kommunen har dårleg råd om ein opprettheld tre skular, seier Jan Steinar Hole, hovudtillitsvald i Fagforbundet i Lærdal, som uttrykte at dette kanskje ikkje burde kome frå han. 

HAR SYMPATI: – Eg skjønar godt at å legge ned ein skule sitt langt inne, eg har sjølv kjempa for grendaskular, men ein eller annan gong kjem me ikkje utanom, seier  Jan Steinar Hole, hovudtillitsvald i Fagforbundet i Lærdal. Han meiner ein er nøyd å diskutere alternativet, elles kjem ein ingen veg. Hole representerer kring 170 tilsette i kommunen.
HAR SYMPATI: – Eg skjønar godt at å legge ned ein skule sitt langt inne, eg har sjølv kjempa for grendaskular, men ein eller annan gong kjem me ikkje utanom, seier  Jan Steinar Hole, hovudtillitsvald i Fagforbundet i Lærdal. Han meiner ein er nøyd å diskutere alternativet, elles kjem ein ingen veg. Hole representerer kring 170 tilsette i kommunen.

Målfrid Aspeseter, hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i Lærdal, tykkjer skulestruktur er ein vanskeleg debatt. Ho er klar på å bidra, men vil først at politikarane skal flagge sin ståstad.

Både Aspeseter og Hole la på bordet forslaget om eigedomskatt, for å spare stillingar. 

Les også: Utdanningsforbundet: – Må tenkje seg om før ein nedbemannar

Gro Starheimsæter (Sp) seier det er ei uaktuell løysing å legge ned Ljøsne skule. Ho meiner det ikkje er snakk om skulestruktur, men oppseiing av lærarar. Olsen jr. seier det er snakk om både óg, ikkje anten eller, men at kutta i hovudsak dreier seg om å redusere med mellom åtte til ti årsverk. 

Flagga ståstad – tek diskusjonen i partia 

– Dette seier eg ikkje med lett hjarte, men her må me nok kanskje gjera meir enn ja takk begge delar, seier fungerande ordførar Trond Øyen Einemo (H).

Både Einemo og Kåre Mentz Lysne (Ap) er klare på at eigedomskatt og nedlegging av Ljøsne skule vil bli hardt diskutert i gruppemøta til partia, sjølv om Einemo legg vekt på at ei avgjerd om skulenedlegging må koma gjennom høyringsprosessen, ikkje i eit budsjettvedtak. For H og Ap er også nedlegging av ungdomsklubben Kosen, heilt uaktuelt. 

– Då sitt me at med eit strengt budsjett med dei postane som er att, likevel seier det noko om alvoret, seier Einemo. 

Lysne kom også med innspel om mellom anna å bruka næringsfond i ein periode for å finansiere stillingane til ordførar og rådmann, gjere innstammingar i administrasjonen og at einingane helse og teknisk også må vurderast for kutt. 

For Annike Vanberg (SV) er skulenedlegging tungt å svelje, men tek framatt forslaget om eigedomskatt på bustader. Gunn Beate Sjøthun (Sp) ser alvoret, men vil ta diskusjonen i gruppa før dei går ut med noko. Starheimsæter (Sp), seier nedlegging av Ljøsne skule sitt lengst inne, men at Sp ikkje har konkludert med ei andre alternativa. Astrid Grøndal Trulssen (V), var kanskje ikkje særleg nøgd med at første runden som vara var i eit slikt møte, men er likevel klar på at gruppa skal diskutere alternativa fram til saka skal opp til drøfting under neste formannskapsmøte torsdag 12. november. 

Til toppen