GODE TAL: Garanti og Årdal Boligbyggelag kan sjå tilbake på ein stor oppsving i 2015 med dobling av tal selde bustader. Frå venstre: Tina Onsum Alrek (tilsett frå sommaren), Linda Øvstetun, Greta Steinheim, Torleiv Lægreid og Ruben Aspeseter. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GODE TAL: Garanti og Årdal Boligbyggelag kan sjå tilbake på ein stor oppsving i 2015 med dobling av tal selde bustader. Frå venstre: Tina Onsum Alrek (tilsett frå sommaren), Linda Øvstetun, Greta Steinheim, Torleiv Lægreid og Ruben Aspeseter. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kan sjå tilbake på eit svært godt år

Og den gode trenden held fram i 2016.

Årdal: Det fortel Torleiv Lægreid og Greta Steinheim i Garanti Eigedom Årdal og Årdal Boligbyggelag. Totalt hadde dei 60 sal i 2015.

– Det var eit av dei beste åra når det gjeld bustadsal, iallfall i mi tid her, seier Lægreid.

– Ja, me har ikkje vore borti liknande sidan ÅBO vart bygd. Då selde me 97 bustader fordi det var mange som flytte inn der som skulle selja, legg Steinheim til.

God start på 2016

60 sal betyr eit snitt på fem sal i månaden. Det er ei dobling av dei 30 som vart selde i 2014, og i 2013 var tala endå dårlegare med 20. Ein del av desse er andelsbustader, men Lægreid fortel at dei også har merka ei oppsving i hussalet.

Det positive er at den gode trenden held fram i det nye året.

– No er me komen til midten av februar, og me har allereie hatt 15 sal. Førebels har det vore veldig bra, og trenden frå 2015 har fortsatt, kanskje til og med betre, fortel han.

Positive signal i bygda

Årsaka er samansett, forklarar dei. Mellom anna har dei bytta lokale og blitt meir synlege i sentrumsbiletet, meiner dei. Dessutan er dei blitt meir aggressive på marknaden, men så er det ting rundt som spelar inn.

– Det er meir positivt som skjer i bygda knytt til arbeidsplassar. Det gjer at det er fleire som torer å kjøpe seg bustad, fortel Steinheim og hevdar at mange av dei som no kjøper bustad i Årdal er personar som flyttar tilbake til kommunen. 

– I tillegg ser me at fleire av dei som har kjøpt er personar som tidlegare har gått på kontrakt på Hydro til dømes, men som no har fått fast. Då kjenner dei seg tryggare på å kjøpe noko, legg Lægreid til. 

Merka lite til oljekrisa

Dei to legg ikkje skjul på at signala frå hjørnesteinsbedriftene Hydro og NorSun spelar ei viktig rolle. Så sjølv om det økonomiske biletet ikkje vert måla rosenraudt i media for tida med oljekrise og svak krone, har dei førebels merka lite til det på hussalet her i Årdal.

– Eg har tenkt på dette, men me har ikkje merka noko. Det har heller vore motsett veg med at Hydro har gått ut med dei tala og signala som dei har gjort, seier Steinheim.

– Her er me prisgitt om det er positive eller negative signal for bygda. Beste tida vår i 2015 var faktisk i dei seine haustmånadane, og det er vanlegvis ikkje dei store månadane samanlikna med byane, fortel Lægreid.

Stabile prisar

For prisane sin del, har dei stabilisert seg, og dei fleste bustader vert no selde rundt prisantydning og takst.

– Grunnen til at det har stabilisert seg er at sjølv om det er stor omsetnad, er det liten kamp om objekta. Det er ikkje så mykje folk på visningane, men me opplever at mange tek kontakt og ber om å få sjå bustadene utanom visningane, fortel han vidare. 

Utvidar

Uansett satsar dei på at det skal gå bra i bygda. Frå sommaren utvidar Garanti kontoret og tilset endå ein person – ei ung kvinne opprinneleg er frå Årdal. Steinheim seier ho er oppteken av å satse på dei unge. No håpar dei fleire gjer som sin nytilsette.

– Eg håpar dei to hjørnesteinsbedriftene våre vil klara seg i den tøffe marknaden ein er inne i, og at det er ein basis og tryggleik for Årdal. Slik trenden har vist litt, så flyttar stadig fleire heim til Årdal, og det håpar me held fram, seier Lægreid.

Til toppen