LÅGE AVGIFTER: Årdal har nokre av dei lågaste kommunale avgiftene i landet, og slik vil det vere i åra som kjem også, fortel Arne Kjos. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LÅGE AVGIFTER: Årdal har nokre av dei lågaste kommunale avgiftene i landet, og slik vil det vere i åra som kjem også, fortel Arne Kjos. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Kan skryte av låge avgifter i åra som kjem også

Årdal er kjend for sine låge kommunale avgifter, og slik vil det halde fram i åra som kjem, fortel Arne Kjos, som er seksjonsleiar på VAR. 

Årdal: For sjølv om det skal brukast til saman 34 millionar kroner på vatn og avløp i Årdal fram til 2022, vil ikkje innbyggjarane merke dei store forskjellane på bankkontoen.

Det går fram av planane som er laga for avløp og vasforsyning som vert lagt fram til handsaming for politikarane torsdag.

– Planane seier noko om ståa på anlegga innanfor vatn og avløp i dag og peikar på kva som er problema og korleis ein kan løyse desse. Det er alt frå vedlikehald til kva me må investere i nytt, forklarar Kjos. 

Hovudproblema

Dei neste fem åra skal det investerast 18 millionar på avløp og 16 millionar på vassforsyning i Årdal. Hovudutfordringane er desse:

– På Årdalstangen har me eit såkalla fellessystem, der hovudvatn frå gatesluk og taknedløp går saman med kloakken. Då får me tidvis veldig mykje avløp, og andre gonger lite, som igjen fører med seg sand inn på nettet. Det er eit problem, men ei kjempeinvestering på mange millionar som me må ta på sikt, seier Kjos.

Dette er noko dei tar tak i undervegs dersom dei skal skifte ei vassleidning. Då splittar dei kloakk og hovudvatn for akkurat den strekninga.

– I Øvre Årdal har me eit større problem med innlekking. Der er det sepparatsystem, men ein god del av leidningane ligg under grunnvassnivå, og når elvar stig, så stig grunnvatnet, og då kjem det vatn inn i kloakken, som gjer at det vert mykje å pumpe og ha gjennom renseanlegget og vidare pumpa ned på Årdalstangen til utsleppet.

Tar unna ting etter kvart

På vassforsyningssida er det hovudsakleg gamle ledningar frå like etter krigen som byr på utfordringar, medan i Øvre manglar det høgdebasseng på Veesida. 

– Er det fare for at alt kan ryke samstundes og føre til store kostnader?

– Nei, det er ikkje det. Ting blir tekne etter kvart. Problemet kan vere på Veeisda at ein ved veldig stort forbruk eller at pumpestasjonen ikkje går som han skal, kan føre til lite trykk, som igjen vil skape problem for dei som har sprinkleranlegg, svarar Kjos.

Ikkje auke utgifter

Og sjølv om det skal brukast millionar på alt dette fram til 2022, vil ikkje innbyggjarane merke stort på lommeboka. I 2015 var årsgebyret for einebustad på 1220 kroner. I 2022 vil han liggje på 1420 kroner.

– Det stemmer, det er ikkje lagt opp til særleg auke, men berre små endringar. Det skuldast ei avskrivingstid på 20 år på dei fleste investeringane, så det me investerte for 20 år sidan er vekke til neste år att. Summa summarum forsvinn noko, og det kjem inn nokre nye. Me vil ha låge avgifter framover også, seier Kjos.

Det er lystig lesnad for dei folkevalde.

– Ein får gjort mykje medan innbyggjarane merkar lite til det. Investeringane er heilt naudsynt for å ha desse tilboda så gode som er i dag. Dette var to planar som set investeringane i system, sa Hilmar Høl (Ap) i formannskapet og fekk nikkande støtte frå Erling Offerdal (Sp). 

Til toppen