SOGNALAND: Det bør det nye fylket heite når Hordaland og Sogn og Fjordane blir slegne saman, meiner borgynd.
SOGNALAND: Det bør det nye fylket heite når Hordaland og Sogn og Fjordane blir slegne saman, meiner borgynd. (Bilde: Per Christian Grov)

Kan Sognaland løysa namnefloka?

– Det er ein vinnar, meiner opphavsmannen sjølv. Som vedgår at han er sogning.

Lærdal: Då namnedebatten rasa i Sogn i februar var borgynden Per Christian Grov raskt på bana med forslag til både nytt namn og kommunevåpen.

No vil han òg hjelpa fylkespolitikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane, som får mykje tyn for å ha kuppa namnet Vestlandet.

– Og det har me jo. Stakkars Møre og Romsdal og Rogaland, seier Grov, som heller føreslår å kalla den nye regionen Sognaland.

LURING: Per Christian Grov frå Lærdal er ikkje framand for å føreslå fiffige namn etter samanslåingar, verken kommunale eller fylkeskommunale.
LURING: Per Christian Grov frå Lærdal er ikkje framand for å føreslå fiffige namn etter samanslåingar, verken kommunale eller fylkeskommunale. Foto: Privat

– Det er ein vinnar, meiner Grov sjølv.

– Har fått gode tilbakemeldingar.

Reint matematisk gir det meining. Du tek omtrent halve namnet frå begge fylka og puttar dei saman.

Likevel har opphavsmannen innsikt nok til å forutsjå at verken hordalendingane, sunnfjordingane eller nordfjordingane vil bli særleg imponerte over forslaget hans:

Mest nøgd med namnet

– Det er vel berre eitt distrikt i den nye regionen som vil lika det, men for oss sogningar passar det ypparleg. Eg har i allefall fått mange gode tilbakemeldingar, seier Grov.

Han tykkjer altså namnet sit som ei kule, med vedgår at den nye logoen kunne ha trengt ein ekstra finpuss. 

– Det var noko eg slang ihop i dag tidleg og eg ser no at det ser utruleg svensk ut. Me får sjå kva mottakinga blir, seier Grov.

ORIGINALANE: Slik ser fylkesvåpna til Sogn og Fjordane og Hordaland ut i sine originale former.
ORIGINALANE: Slik ser fylkesvåpna til Sogn og Fjordane og Hordaland ut i sine originale former. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Hordaland fylkeskommune
Til toppen