TAP: Kraftkommunene i Sogn kan tape store inntekter dersom forslaget om endringa i skattlegginga av vasskraftverk vert vedteke.
TAP: Kraftkommunene i Sogn kan tape store inntekter dersom forslaget om endringa i skattlegginga av vasskraftverk vert vedteke. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Kommunar kan tape millionar kvar på nye skattereglar

Konklusjonane i ein rapport om skattlegging av vasskraftverk i Noreg kan få store konsekvensar for kraftkommunane.

Sogn: Ekspertutvalet som vart sett ned i 2018 for å vurdere skattlegginga av vasskraftverk i Noreg leverte måndag rapporten til finansminister Siv Jensen (Frp). Dersom forslaga skulle verte vedtekne seinare, vil det få store konsekvensar for dei kraftproduserande kommunane i Sogn og elles i landet. 

Utvalet føreslår blant anna å avvikle ordningar som gjev kommunane direkte skatteinntekter frå vasskraft, skriv NRK.

Det tilrår blant anna å avvikle ordningane med konsesjonskraft og konsesjonsavgift. Vidare meiner utvalet at inntektene frå eigedomsskatten frå vasskraftverk ikkje lenger bør gå direkte til kommunane. 

Ifølgje utvalet slår konsesjonskraft-, konsesjonsavgift- og eigedomsskattordningane uheldig ut fordi dei ikkje er baserte på lønsemd. Det svekkjer insentiva kraftselskapa har til å investere, meiner utvalet. 

Mange reagerer

Finansminister Siv Jensen (Frp) meiner forslaget ikkje vil vere til hinder for at kommunane kan ha like store kraftinntekter som i dag. Utvalet viser til at inntektene i så fall må omfordelast av staten. 

Ordførarar i kraftkommunar over heile landet reagerer likevel kraftig på forslaget. 175 kommunar i Noreg har til saman mellom fire og seks milliardar årleg i kraftinntekter. 

– Brot med samfunnskontrakt

I Aurland peikar ordførar Noralv Distad (H) på at prinsippet om at kraftkommunane skal få betalt for å stille areal til disposisjon har lege fast sidan vassdragsreguleringslova frå 1917. 

– Det er eit heilt klart brot på samfunnskontrakten me som kraftkommune har hatt med storsamfunnet i over 100 år. Me skal ha vår rettkomne del av verdiskapinga, seier Distad til NRK

Til toppen