VANSKELEG Å SEIE NEI: Aurland-ordførar Noralv Distad (H) seier han har vanskar for å sjå korleis politikarane no kan seie nei til Hemsedalsfjellet og velge riksveg 7 som hovudveg mellom aust og vest. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
VANSKELEG Å SEIE NEI: Aurland-ordførar Noralv Distad (H) seier han har vanskar for å sjå korleis politikarane no kan seie nei til Hemsedalsfjellet og velge riksveg 7 som hovudveg mellom aust og vest. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

– Kan vanskeleg sjå at politikarane går mot dette

Aurland-ordføraren er optimistisk, medan dagleg leiar for Hardangervidda-tunnelane reagerer. 

Voss: Reaksjonane er naturleg nok delte etter at Statens vegvesen anbefalte Hemsedalsfjellet som ein av to hovudvegar mellom aust og vest torsdag.

Det kom fram da prosjektleiar Morten Ask og regionsjef Helge Eidnes i Vegvesenet la fram konseptvalutgreiinga (KVU) om val av hovudtrasé mellom Gol og Voss på Fleischers Hotel på Voss torsdag. Konklusjonen var eintydig.

– Riksveg 52 er vurdert som betre enn riksveg 7 både når det gjeld samfunnsøkonomi, måloppnåing og moglegheita til å betene nasjonal trafikk som ikkje kan benytte E134, heiter det i tilrådinga.

– Eintydig konklusjon

Det får riksveg 52-fansen til å strekke armane i vêret og juble – sjølv om det er lenge att til ei endeleg slutning vert gjort.

– KVU-en var veldig klar. Me har fått den tilrådinga me håpa på. Alt går i vår favør, og dette er ei tilråding som er veldig sterk. Eg kan vanskeleg sjå at politikarane kan gå mot dette, seier Noralv Distad (H), ordførar i Aurland.

Han seier dette betyr kolossalt mykje for Sogn og Fjordane i tillegg til dei andre regionane som har vore med på å kjempe riksveg 52 si sak. 

– Eg er veldig glad for at når me har gått gjennom alt material og innspel som har kome, så er konklusjonen så eintydig, legg han til.

50-50: Dagleg leiar i Hardangervidda-tunnelane, Harald Victor Hove, har ikkje gitt opp kampen for riksveg 7 og meiner sjansen for at politikarane vel dei er 50 prosent.
50-50: Dagleg leiar i Hardangervidda-tunnelane, Harald Victor Hove, har ikkje gitt opp kampen for riksveg 7 og meiner sjansen for at politikarane vel dei er 50 prosent.

Politisk kamp

Men ein skal vere forsiktig med å juble for tidleg. Framleis gjenstår det ein lang innspurt med eit politisk spel for å få dei sentrale politikarane til å velge nettopp riksveg 52. Og der har mellom anna Harald Victor Hove, dagleg leiar for Hardangervidda-tunnelane, tenkt å gi dei ein kamp.

– Eg trur det er 50-50 for kva dei kjem til å velje, seier han.

Kritisk til Vegvesenet

Hove reagerer på at Vegvesenet konkluderer så eintydig og meiner konklusjonen berer preg av å vere skriven av noko som allereie har gjort seg opp ei meining.

– Eg synest Vegvesenet dreg inn for mange føresetnader for at riksveg 52 skal vere betre, noko statsråden var tydeleg på i fjor at det ikkje skulle vere, legg han til og peikar på ei bru over Sognefjorden som ein viktig føresetnad det blir lagt vekt på.

– Det synest eg er problematisk, og då vil eg seie at ein ikkje har løyst oppgåva. Det andre er korleis ein tolkar tala. Slik me les tala, er det daudt løp, men likevel konkluderer dei med at riksveg 52 er betre enn riksveg 7 utan at tala understøttar det.

Frå før av er det bestemt at E134 skal rustast opp og vere ein av dei to hovudvegane mellom aust og vest. 

Til toppen