SNØ: I løpet av natta har det kome snø i fjellet. Her ser du køyreforholda på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
SNØ: I løpet av natta har det kome snø i fjellet. Her ser du køyreforholda på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Kan vere glatt i fjellet

Det har kome snø i løpet av natta, noko som kan føre til at det er glatt enkelte stader.

Årdal/Lærdal: I løpet av natta har det blitt noko kaldare. Kombinert med nedbør har det gitt snø enkelte stader i fjellet.

Hemsedalsfjellet er ein av desse stadene, der Statens vegvesen melder om vekslande bart og snø- og isdekke i morgontimane måndag. Like etter 06.00 var det opphaldsvêr og lett bris.

Også på fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal er det snøslaps i vegbana, står det i vegmeldinga. Like før 06.00 var det lett bris og sluddbyger.

På E16 over Filefjell derimot er det ingen teikn til trøbbel, skal ein tru vegmeldinga. Her er det derimot vegarbeid som kan føre til venting i opp mot 30 minutt. 

Over alle fjellovergangane er temperaturen anten 0 eller ned mot 0 grader.

Til toppen