NOMINERTE: «Dans utan grenser» er ein av tre nominerte til fylkeskulturprisen, her frå danseshowet i Sogndal i oktober. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik
NOMINERTE: «Dans utan grenser» er ein av tre nominerte til fylkeskulturprisen, her frå danseshowet i Sogndal i oktober. Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik

Kan vinna fylkeskulturprisen

«Dans utan grenser», ein sirkusguru og folkesongar er dei tre nominerte

Hovudutval for næring og kultur avgjer 22. november kven som får fylkeskulturprisen for 2016, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Det kom inn totalt 15 forslag til kandidatar. Ei innstillingsnemnd med medlemmar frå hovudutvalet har gått gjennom alle forslaga, og det står no att tre kandidatar.

Hovudutvalet kan velje mellom:

  • Jan Ketil Smørdal, for å ha sett Sogn og Fjordane på kartet både nasjonalt og internasjonalt gjennom å spreie sirkusglede og begeistring.
  • Judith Vestreim, for sitt arbeid med å formidle folkesong til barn og unge.
  • Ove Henning Solheim og Dans Uten Grenser, for å ha gitt barn og unge i fylket undervisning og danseglede gjennom ung-til-ung-metodikk i ti år.

Les også: Sjå bileta frå danseshowet

Les også: Her legg dei siste finpuss på danseshowet

Prisen er ein diplom og ein sum på 50 000 kr. Han vert delt ut på fylkestinget 6. desember 2016.

 

Til toppen