KANONSTART: – Alt har klaffa i motsetnad til i fjor, seier leiar i Lærdal Elveeigarlag om starten på laksefisket i Lærdalselvi.
KANONSTART: – Alt har klaffa i motsetnad til i fjor, seier leiar i Lærdal Elveeigarlag om starten på laksefisket i Lærdalselvi.

Kanonstart for laksefisket

Berre seks dagar ut i laksesesongen er det teke langt meir laks i Lærdalselvi enn på dei første to vekene i fjor.

Lærdal: – Me har fått fem dagar meir i år, så det blir litt forskjell, men det burde ikkje ha noko å seie, heller motsett. Vanlegvis kjem laksen på denne tida den første veka i juni, seier Lasse Sælthun.

Han er leiar i Lærdal Elveeigarlag og kan trygt konstatere at Lærdalelvi har fått ein strålande start på sesongen. 

BRA START: Lasse Sælthun, leiar i Lærdal Elveeigarlag, kan konstatere at det har vore ein ideell start på fiskesesongen i Lærdalselvi.
BRA START: Lasse Sælthun, leiar i Lærdal Elveeigarlag, kan konstatere at det har vore ein ideell start på fiskesesongen i Lærdalselvi.

Kjølig start i fjor

I fjor opna laksefisket onsdag 10. juni. På dei fem dagane den veka vart det teke 27 laks. I år opna fisket natt til søndag. Berre i løpet av den dagen vart det dratt opp 28 laks. I skrivande stund er det teke 98 laks sidan søndag.

Sjekk tala for 2015 og 2016 nedst i artikkelen.

– Forskjellen er som eg seier at laksen tydelegvis har kome tidleg i år. Det teiknar til at det blir ein bra sesong. I fjor var det eit heilt anna vêr. Det var kaldt og ei veldig stor elv på 6-8 grader. Det gir eit seint innsig, forklarar Sælthun.

– Det var lite laks i juni, men så løyste det seg opp i første veka i juli. Då blei det tatt bra med fisk slik at då me hadde midtsommarevaluering for å vurdere om me kunne halde fram med å fiske på same måte, så kom me fram til at me kunne det.

Ideelle forhold

For nøyaktig eit år sidan i dag vart det teke berre sju laks det første døgeret, og Sælthun forklarte at den kalde elva gjorde at fisken heldt seg i ro. I år er det tydelegvis meir fart på fisken.

– Eg har ikkje tatt temperaturen på elva i år, men det betyr veldig mykje for gang og bitevilje. Det er òg veldig fin vassføring, ja, faktisk ideell. Alt har klaffa i motsetnad til i fjor. 

Ikkje plass til alle

Det er også bra storleik på fisken. Den største som er tatt er på 14 kilo, og berre fem av 98 tekne laksar i skrivande stund er under sju kilo. Det spelar også inn for merkevara Lærdalselvi.

– Det er klart me er veldig glade for at elva har god klang og er attraktiv. Me får veldig mykje spørsmål, men elva er 2,5 mil lang, og me har berre flugefiske og prøver å begrense litt. Me vil ikkje ha for mykje fiskarar og stort uttak slik at dei blir ståande i kø, fortel han.

– Diverre er det ein del som ikkje får sleppa til, men slik er livet. Me har rett og slett ikkje plass til alle. Det er eit luksusproblem, men ein kan ikkje pressa for mange fiskarar i elva. Då blir attraktiviteten mindre. 

2016

Veke Størst (kg) Tal laks
22 14,0 28
23 14,0 70

2015

Veke Størst (kg) Tal laks
24 13,0 27
25 18,0 40

 

(Kjelde: Scanatura.no)

Til toppen