Luster: Det er blitt nokre år sidan eg kom over Hanne Sigbjørnsen si teikneseriestripe Tegnehanne. Ho tek opp daglegdagse tema og problem gjennom teikningar og enkel tekst. For nokre år sidan laga ho ei spalte som heitte "Vi kan alle prøve å være litt mindre drittsekk mot alle som er psykisk syke".

KVARDAGSKJENSLA
Kanskje du ikkje er sjuk - kanskje du berre er menneskeleg
I dag strør folk rundt seg med setningar som "eg har angst" og "eg er deprimert" utan å tenkje heilt over det. Felles for dei som gjer dette er kanskje at dei berre er menneskelege.