KAPTEINEN: Henrik Furebotn kom til Sogndal i midten av førre sesong. No er han kaptein og fast bestemt på å unngå nedrykk, trass våre spådomar. Foto: arkiv. 
KAPTEINEN: Henrik Furebotn kom til Sogndal i midten av førre sesong. No er han kaptein og fast bestemt på å unngå nedrykk, trass våre spådomar. Foto: arkiv. 

Kaptein Furebotn: – Det er eit frykteleg dårleg tips

Verken sogndaltrenar Eirik Bakke eller kaptein Henrik Furebotn er spesielt imponerte over våre dystre profetiar.

Sogndal: Porten.no har drista seg ut på eit aldri så lite tabelltips (sjå faktaboks). Vi trur det blir nedrykk, kvifor kan du lese her.

– Det er eit frykteleg dårleg tips, men det er berre å tippa oss ned. Me er vande med det her i Sogndal, seier Henrik Furebotn, kaptein og det lokale alibiet i årets sogndalutgåve.

Heller ikkje trenar Eirik Bakke let seg skremme.

– Alle andre media tippar oss høgare på tabellen, så får heller de som er lokale vera negative, seier han.

Les også: Difor rykker Sogndal ned i år
Les også: Dette er den nye Sogndal-kapteinen

FORSIKTIG OPTIMIST: Trenar Eirik Bakke trur Sogndal skal bite frå seg i år òg, men håpar på hjelp frå ein god start og at stopparparet Psychè og Utvik held seg skadefrie.
FORSIKTIG OPTIMIST: Trenar Eirik Bakke trur Sogndal skal bite frå seg i år òg, men håpar på hjelp frå ein god start og at stopparparet Psychè og Utvik held seg skadefrie.

Furebotn bryr seg ikkje om resultata i vinter

Eit redusert forsvar, skadar på sentrale spelarar, mangel på målscorarar, fråvêret av forsterkingar, svake resultat i vinter og faren for at dei beste spelarane forsvinn til sommaren er forklaringa bak vårt nedrykkstips.

– Eg ser alt dette. Og at me kan få ein tøff sesong, det trur eg. Me er litt avhengige av å få ein god start, då blir alt lettare. Det er vanskeleg å tippa, men alt frå ti og nedover kan skje. Det er litt avhengig av kor skadefrie me held oss, Christophe og Bjørn Inge spesielt, seier Eirik Bakke.

MÅ PRESTERE: Bjørn Inge Utvik har fått kvar av dei to siste sesongane halvvert på grunn av skadar. Etter salet av Hannu Patronen må han halde seg skadefri - og helst prestere på topp.
MÅ PRESTERE: Bjørn Inge Utvik har fått kvar av dei to siste sesongane halvvert på grunn av skadar. Etter salet av Hannu Patronen må han halde seg skadefri - og helst prestere på topp.

Les også: Dei gir deg sine beste Fantasy-tips

Han trur at det berre er positivt at dei har fått nokre trøkkar i vinter. Kampen mot Brann viste at dei er på rett veg

Kaptein Henrik Furebotn har lært seg å ikkje leggje for mykje i kva som skjer i treningskampane 

– Eg har vore med å tapa 0-8 mot Sandnes Ulf med Sogndal på La Manga to veker før seriestart (2012 journ. anm.). Då knuste me Odd 4-0 borte i første kamp og leia serien etter seks rundar. At me tapar treningskampar med fem og fire null, det tek eg med ganske stor ro. Me veit kva me driv med og det har sett veldig bra ut i vinter, seier han.

Fryktar ikkje spelarflukt i sommar

Av spelarane som var med mykje i fjor har Rune Bolseth lagt opp, Hannu Patronen, Jukka Raitala og Mahatma Otoo gått til andre klubbar, medan Kristian Fardal Opseth er lånt vekk ut sommaren. Inn har Bakke henta åtte nye ansikt (sjå faktaboks) som alle har til gode å markere seg i Eliteserien.

– Den gjengen som har forlate oss har vore viktige spelarar og eg er spent på kven i gruppa me har no som stig fram og tek deira plass. At det blir tøft er me alle vande med i Sogndal, men eg trur me skal hevda oss bra i år òg. Me kjem til å gå til kampane som me alltid gjer, spela vårt spel uavhengig av kven me møter og prøva å få med oss poeng kvar gong, seier Eirik Bakke.

POTENSIELL HIT: Chidi Nwakali er ein mann det er lov å forvente mykje av denne sesongen, i allefall fram til lånet går ut til sommaren.
POTENSIELL HIT: Chidi Nwakali er ein mann det er lov å forvente mykje av denne sesongen, i allefall fram til lånet går ut til sommaren.

Les også: Johan Hove (16) bankar på døra til førstelaget

At Gilbert Koomson eller andre spelarar kan forsvinne til sommaren får ikkje Furebotn til å svette.

– I Sogndal er det alltid spelarar som forsvinn og alle seier at no går det til ein viss plass når han og han reiser. Men Sogndal er framleis i eliteserien. Det har ikkje noko å seia, me hentar inn andre eller får opp nye sjølve, seier Henrik Furebotn.

Les også: Sjekk når du kan reise og sjå Sogndal gratis

Trenar Bakke seier han ikkje har nokon plan om å forlenge kontrakta til leigesoldaten Chidi Nwakali frå Manchester City dersom han skulle slå til.

– Eg er ikkje så oppteken av det no. Han må bevisa at han kan vera god for Sogndal og ein lagspelar for oss. Alle veit kor god han er, så skal eg prøva å få han inn i laget og læra han det han treng for å ta nye steg. Me får sjå til sommaren kva som skjer, det er den minste bekymringa mi no, seier Bakke.

Vurderer å hente stoppar før seriestart

Skadesituasjonen har derimot gitt grunn til uro i vinter, akkurat no er det Kasper Nissen, Kristinn Jònsson og Lars Christian Kjemhus som er ute med lengre avbrekk. Bakke seier han ventar dei to siste tilbake i midten av april.

– Når me får dei inn att så trur eg me har bra dekning. Så kan det fort dukka opp ein stoppar den siste veka, viss me finn den rette typen som kan forsterka oss, seier Bakke og legg til at ein sentral midtbanespelar òg kan vere aktuell.

Les også: Sivert Mannsverk (14) debuterte for A-laget til Sogndal

Sjølv om forsvaret er skadefritt til sesongpremiera, er det fullt mogleg å stille spørsmål ved om trekløveret Victor Grodås, Christophe Psychè og Bjørn Inge Utvik vil greie ein heil sesong. Furebotn er ikkje uroa.

– Bjørn Inge har fått seg hjelm no, så då blir ikkje han skada meir, Christophe er heilt og fullt restituert frå bekkenbrotet han hadde, Victor har ikkje vore skada sidan juli i fjor og har trent knallhardt sidan då. Skadar er ein del av fotballen og ikkje noko me kan gå rundt å tenka på. Viss det skjer må me andre berre trø til litt ekstra.

Sogndal spelar første runde i Eliteserien borte mot Sarpsborg 08 den 2. april. Første heimekamp er tre dagar seinare, den 5. april mot Stabæk.

Til toppen