KAMP: Jonas Hestetun spelte i helga kamp mot Førde som årdalsspelar Edin Øy spelar for denne vårsesongen. Arkivfoto: Kent Roar Nybø/Fanaposten.
KAMP: Jonas Hestetun spelte i helga kamp mot Førde som årdalsspelar Edin Øy spelar for denne vårsesongen. Arkivfoto: Kent Roar Nybø/Fanaposten.

Kapteinen frå Årdal vil halda Fana i 2. divisjon

I helga spelte dei to fotballtalenta frå Årdal, Jonas Hestetun og Edin Øy mot kvarandre då Førde møtte Fana i 2. divisjonsserien. 

Årdal: Fana møtte Førde i sesongens fyrste seriekamp i 2. divisjon. Kampen enda uavgjort 1-1. 

– Det var morosamt å spela mot Edin. Han er ein god forballspelar og det er kjekt å følgja med på han. Eg trur nok han kjem til å komma seg lengre enn Førde, seier Hestetun, som spelte saman med Øy ein kort periode på Årdal FK. 

Les også: – Eg håpar å få spela kvar helg

Held fram som kaptein

Årdølen Jonas Hestetun har spelt for bergenslaget Fana i fire sesongar. I vinter fekk kapteinen forlenga kontrakten. 

– Personleg har eg ikkje nokre store, langsiktige mål med fotballen. Det har berre blitt ein del av livet mitt. Eg kjem til å spela så lenge det er kjekt, seier Hestetun. 

Les også: Hestetun forlenga med Fana​ 

Hestetun gjekk frå Årdal FK til Fana hausten 2013 då han starta å studere til å bli fysioterapeut. No er han ute i turnes, og er ferdig utdanna til hausten. 

–  Me har ei ung spelargruppe etter at fleire av dei eldre gav seg. Sidan eg er ein ansvarleg og strukturert type, fekk eg ansvaret som kaptein, seier Hestetun. 

Vil halda seg i 2. divisjon

Med det nye divisjonssystemet vil berre dei sju beste laga i 2. divisjon halda seg i same divisjon til neste år. Dei sju dårlegaste laga vil rykka ned i 3. divisjon. 

– Eg trur Fana kjem til å halde seg i 2. divisjon. Det har me gode sjansar for å klara. Formen er bra og laget har trent godt i heile vinter, seier han. 

Fana kom på ein 10. plass i 2. divisjon denne sesongen berre tre poeng over nedrykk.

– Eg tek sesong etter sesong. Tidlegare har me vore ein ungt og naivt lag. Me har pressa høgt og scora mykje mål og slept inn mykje mål. Denne sesongen vil me ha fokus på det defensive arbeidet, seier Hestetun som spelar sentral midtbane.  

 

Til toppen