MÅL: Christian Stedje sette corneren i målet til Lillestrøm 2 for Årdal FK. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
MÅL: Christian Stedje sette corneren i målet til Lillestrøm 2 for Årdal FK. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Kapteinen: – Me kjempa oss tilbake 

Årdal FK tok seg opp igjen i 2. omgang etter å ha lege under med to mål etter 1. omgang og sikra seg eitt poeng på heimebana mot Lillestrøm 2. 

Årdal FK - Lillestrøm 2-2

Årdal: Heimekampen mot Lillestrøm 2 enda uavgjort med 2-2. 

Les også: Uavgjort mellom Årdal FK og Lillestrøm 2 

– Det var ein periode på ti minutt i første omgang der me spelte dårleg og slapp inn to mål. Men så kjempa me oss tilbake i andre omgang, seier kaptein og målscorar Eirik Rode. 

God underhaldning

I løpet av første omgang var det 5 til 10 minutt der Årdalspelarane slapp seg litt for langt nedpå. Dette utnytta Lillestrøm 2 og sette to raske mål i nettet til Årdal FK. 

Det var Lillestrøm 2 spelar Martin Falkeborn som først sette ballen i årdølene sitt nett i det 34. minutt. Eitt minutt seinare scora også Jesper Kornbakk for Lillestrøm 2.  

Les også: Trenar: – Karane er innstilte på å vinna

SCORA: Christian Stedje sette det andre målet til Årdalspelarane.
SCORA: Christian Stedje sette det andre målet til Årdalspelarane.

– Me slurvar litt i nokre situasjonar. Lillestrøm 2 har gode nok spelarar til å utnytta det og scora to raske mål, seier trenar Ivan Øy. 

Årdal FK starta kampen bra og hadde to sjansar der ballen gjekk i stang. 

– Eg trur dei som møtte opp fekk god underhaldning, seier Øy. 

Redda straffa

I det 22. minutt fekk Årdal FK straffe mot seg. Målmann Siver Larsson redda ballen med glans. 

Straffen vart teken av Lillestrøm 2 spelar Arni Vilhjalmsson. 

Les også: Bli kjend med Årdal sine motstandarar i avdeling 3

UNDERHALDNING: Årdal FK snudde kampen mot Lillestrøm 2 og sikra seg eitt poeng.
UNDERHALDNING: Årdal FK snudde kampen mot Lillestrøm 2 og sikra seg eitt poeng.

– Det var ein fantastisk redning av Sivert, sjølv om det i utgangspunktet. er langt i frå straffe. Fotball er ein fysisk sport og det der var skulder mot skulder. Ein skal sjølvsagt ikkje bølla ned folk, legg Øy til. 

Til pause leda Lillestrøm 2 2-0 over Årdal FK. 

Sikra seg eitt poeng

Kaptein Eirik Rode sette ballen i mål for Årdal FK i det 54. minutt av 2. omgang. 

– Det er godt å få eitt poeng når me ligge under 2-0, sjølv om me skulle klart å fått alle tre poenga på slutten. Dessuten fekk Lillestrøm 2 ein straffe som dei bomma på i første omgang, seier Rode. 

SCORA: Eirik Rodde sette ballen i mål i starten av andre omgang.
SCORA: Eirik Rodde sette ballen i mål i starten av andre omgang.

Rode enda opp på sjukehus i starten av sesongen grunna eit mystisk magevirus. No er han endeleg tilbake, men ikkje 100 prosent. Han vart bytta ut etter 70 spelte minuttar mot Lillestrøm 2 og det same førre kamp mot Jevnaker. 

– Eg har øvd mykje på det på trening så det er godt at det site i kampen. Det kjentes utruleg godt å setta ballen i mål, seier Rode. 

På slutten av kampen utlikna Årdal FK då Christian Stedje sette corneren i mål i det 83. minutt. Kampen enda uavgjort 2-2.

Hadde ønska seg tre poeng

– Me starta kampen bra, men fell litt tilbake i nokre minuttar. Spelarane styrer eigentleg mykje av kampen, seier Øy. 

I pausen var Årdalsspelarane samde om at dei måtte ut igjen å ta kontroll over kampen. 

– I 2. omgang spela me på dei tinga me er gode på. Siste halvdelen skapa me mykje sjansar. Det var veldig bra. Eg er veldig nøgd, seier Øy. 

EITT POENG: Årdal FK henta eitt poeng i kampen mot Lillestrøm 2.
EITT POENG: Årdal FK henta eitt poeng i kampen mot Lillestrøm 2.

Når laget låg under 2-0 til 2. omgang så er han glad for det eine poenget.

– Men eg hadde sjølvsagt helst sett at me tok alle tre poenga her på heimebana, avslutta han.

Til toppen