Sogndal-Tromsø: 0-2
– Eg føler det ikkje har endra seg så mykje, me har tapt nok ein fotballkamp igjen, diverre. Det hadde klart vore kjekkare å ha lege i andre enden av tabellen, men me må berre innsjå realitetane, seier kaptein Even Hovland etter gårsdagens tap mot Tromsø.
Tapet vart fleire hakk tyngre å svelga etter at Aalesund greidde å slå seriemeister Rosenborg 2-1 på heimebane seinare på kvelden. To rundar før slutt er dermed Sogndal på direkte nedrykk, eitt poeng opp til sunnmøringane.
Då han kom til klubben i september var det etter veker med nøling i påvente av eit tilbod frå utlandet.

Spel i førstedivisjon var neppe i planane den gongen, men kapteinen nektar å svara på om han har ein klausul som løyser han frå klubben dersom det skulle bli nedrykk.
– Me skal tenka på poenga me treng å ta, ikkje kva kontraktar spelarane har, seier Hovland.
Heller ikkje på oppfølgingsspørsmålet, om han er villig til å kjempa klubben opp att dersom det må til, gir han noko klarare svar.
– Eg må forhalda meg til kontrakten min, men det er ikkje noko eg tenkjer på no. No må me fokusera på det me kan gjera noko med og det er å vinna to fotballkampar til før sesongen er over, seier Hovland.