Årdal: I helga spelte Årdal FK innandørsturnering på Beitostølen og slo Ringerike 6-4 i finalen. Truls Hovland fekk pokal som turneringens beste spelar.
– Nivået var ikkje all verda på turneringa, så heilt ærleg hadde eg nok blitt skuffa om eg ikkje hadde blitt kåra til det, seier Hovland.
– Eg syntes sjølv at eg gjorde det greit, men det er moro å bli lagt merke til, seier han.
- Les òg: Han er ny trenar for Årdal FK
Hovland: – Alle mann må opp eit par hakk
Sjølv om Hovland meiner nivået på turneringa var litt labert, er han godt fornøgd med innsatsen til Årdal FK, som i fjor haust rykte opp i 3. divisjon.
– Me trenar bra for tida, men me har mykje å gå på. Det er eit stort sprang frå i fjor, så alle mann må opp eit par hakk dersom dette skal gå, seier han.
– Så de ligg i hardtrening no?
– Ja, me trenar no i vertfall. Det er litt tideleg å seia enda, men me skal ha nokon treningskampar framover, slik at me får målt krefter og sjå korleis me ligg an til sesongen, seier Hovland.