MUSIKKOMMUNE: Med prisen «Norges musikkommune» vil Norsk musikkråd finne fram til den kommunen i landet som best legg til rette for lokalt musikkliv. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MUSIKKOMMUNE: Med prisen «Norges musikkommune» vil Norsk musikkråd finne fram til den kommunen i landet som best legg til rette for lokalt musikkliv. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Kårar den beste musikkommunen i Noreg

Med prisen «Norges musikkommune» vil Norsk musikkråd finne fram til den kommunen i landet som best legg til rette for lokalt musikkliv.

Årdal/Lærdal: Kåringa tek utgangspunkt i kva moglegheiter innbyggjarane i kommunen har til å delta i og oppleve musikk, fortel ei pressemelding frå Norsk musikkråd, ein interesseorganisasjon for det frivillige musikklivet i Noreg.

I 2016 blir det tredje gong rådet deler ut prisen, og organisasjonen ønskjer gjerne forslag til kandidatar. Alle som vil kan nominere kommunar til prisen «Norges musikkommune 2015».

– Noko av det juryen ser etter, er i kva grad musikkvisjonane til kommunen er nedfelt i planar og strategiar, og kor synleg aktør han er i det lokale musikklivet. Ikkje minst er det viktig at kommunane legg til rette for at innbyggjarane har ordentlege og egna øvingsfasilitetar og arenaar for framføring, opplyser organisasjonen i pressemeldinga. (©NPK)

Til toppen